– Hald deg unna skredterreng

Rask overgang frå vinterlege kalde dagar til mildvêr gir tysdag snøskredfare på nest høgaste nivå på Nordvestlandet.

Snøskred

SNØSKRED: Det har vore stor snøskredfare i Nord-Noreg siste dagane. Tysdag får Nordvestlandet den nest høgaste faregraden.

Foto: Wyssen Norge

Tysdag aukar faren frå oransje til raudt nivå for Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre og Indre Fjordane.

Farevarselet betyr at det er stor fare for naturleg utløyste flak- og laussnøskred i bratte heng.

– Det kjem kraftig mildvêr og mykje regn. Det gjer at snøen blir ustabil og vi ventar naturleg utløyste skred, seier Heidi Bache Stranden, hydrolog i NVE.

Vekk frå skredterreng

Samstundes som snøskredfaren aukar til nest høgaste nivå på Nordvestlandet, blir snøskredfaren redusert til betydeleg i Nord-Noreg. Her har faren vore på raudt nivå både søndag og måndag.

Frå tysdag av oppmodar snøskredvarslinga også folk på Nordvestlandet er å halde seg unna skredterreng, som er terreng brattare enn 30 grader, og utlaupssoner for skred.

– Det er somme stader ein god del snø i fjellet, og snøen kan allereie vere ustabil. Så pøser vi på med mykje regn i morgon, og det gjer at vi aukar snøskredfaren i morgon, seier Stranden.

Fuktig tysdag

Statsmeteorolog Magny Svanevik fortel at vinden dreier sørvest måndag ettermiddag, noko som fører varmluft innover Vestlandet. Nedbøren går då frå snø til regn.

Til dømes viser prognosane på yr.no over 30 millimeter nedbør både i Stryn og Jølster, og over 20 millimeter i Eikesdalen.

Utover veka kan enkelte stader få opp mot ni varmegrader. Det er også venta ein god del vind. Overgang til mildvêr fører også med seg til dels krevjande køyreforhold.

Snøskredvarslinga vil bruke dagen i dag på å få meir oversikt over forholda.

– Med så mykje nedbør som ligg i prognosane, og så mildt vêr, så ventar vi først og fremst stor snøskredfare i morgon. Så vil vi sjå på utviklinga etter kvart som vi får dei mest oppdaterte vêrmeldingane, seier Stranden.