Hopp til innhold

Sjåførane får likevel løfte akslingen på vogntoga for å ta seg fram

Den norske næringa har kjempa med nebb og klør for å stogge ei regelendring dei meiner vil føre til kaos. No skal sjåførar i norske vogntog likevel få løfte den eine akslingen slik at dei kan ta seg fram på glatte vintervegar.

Akselløft

FÅR LIKEVEL LOV TIL DETTE: Med ein knapp på dashbordet kan sjåføren lett overføre meir vekt til drivakslingen og på den måten få meir trykk på drivhjula. Slik sikrar dei seg betre veggrep på glatte og bratte vintervegar. No skal dei likevel få halde fram med denne praksisen, iallfall ei stund.

Foto: Montasje: Eva Marie Felde / NRK

I fleire tiår har sjåførane med eit lite tasttrykk kunne overføre meir vekt til drivakslingen, og slik lettare tatt seg fram på bratte og glatte vegar vinterstid. Men Vegdirektoratet har ville stramme inn praksisen, noko næringa frykta ville føre til kaos.

I dag møtte samferdsleminister Marit Arnstad og Vegdirektoratet ei rekkje representantar frå næringa. Der kom ministeren med ei gladmelding til næringa.

– Det som kjem til å skje er at vi går tilbake til den tidlegare praksisen som har vore dei siste 15 åra, seier Arnstad.

Det vil med andre ord seie at sjåførane kan halde fram å bruke dette verkemiddelet slik dei har gjort i mange år, enn så lenge.

– Det ser ut som at fornufta har sigra. Statsråden har lytta, lært og handla, seier ein strålande nøgd Geir A. Mo som er administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Mo

SVÆRT GLAD: Geir A. Mo i Norges Lastebileigarforbund er svært letta og glad over at dei nådde fram med sine argument.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Krangla om kva det ville føre til

Sjeldan har norske lastebilsjåførar blitt så engasjerte i ei sak. Norges Lastebileigarforbund og ei rekkje andre transport og logistikkbedrifter har stått samla når dei har sagt at endringar i denne praksisen vil vere svært uheldig.

Dei har frykta negative konsekvensar både for framkomst og for trafikktryggleiken. Vegdirektoratet på si side har nekta for at dette vil føre til kaos eller meir problem. Dei har lagt vekt på at vegane tek skade av dagens praksis.

Stridens kjerne er om sjåførane på norske vogntog skal kunne nytte seg av såkalla boggiløft eller akselløft slik dei har gjort til no. Vegdirektoratet har vist til at det har vore reglar for korleis dei kan bruke dette sidan 1998.

Desse reglane seier at sjåførane berre kan overføre ei viss vekt, opp til 14,9 tonn på drivakslingen. Skal dei løfte boggiakslingen kan dei heller ikkje køyre fortare enn 30 kilometer i timen. I haust varsla Vegdirektoratet at dei ville begynne handheve dette EU-direktivet strengare.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

«Hol i hovudet-politikk»

Slik sjåførane har brukt akselløftet har dei i mange tilfelle overført meir vekt enn 14,9 tonn og køyrt fortare enn 30 kilometer i timen.

Ei innstramming av regelverket vil ifølgje transportnæringa føre til at langt fleire norske vogntog blir ståande faste på norske vintervegar.

– Sjåførane synst det er hol i hovudet-politikk. Dei trur ikkje dei som bestemmer veit kva dette kan føre til, sa fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane, Per Andreas Øren, til NRK.no tidlegare i haust.

I tillegg har Vegdirektoratet i det siste sett ned foten og nekta la norske firma registrere lastebilar som ikkje er laga til slik at boggiakslingen automatisk går ned om bilen køyrer fortare enn 30 km/t.

Skal jobbe vidare med løysingane

Marit Arnstad

GIR LOV: Samferdsleminister Marit Arnstad bestemte i dag for at lastebilsjåførane likevel skal få bruke 'trikset' sitt for å ta seg fram på norske vintervegar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Arnstad seier møtet ho hadde i dag saman med Vegdirektoratet og transportnæringa var svært positivt, og at dialogen mellom partane var god.

Departementet har altså bestemt seg for at sjåførane, enn så lenge, skal få halde fram med å bruke akselløftet slik dei har gjort til no. Det vil seie at dei kan overføre meir vekt enn 14,9 tonn og køyre fortare enn 30 kilometer i timen.

– Så skal vi også sjå på ei mellombels løysing med problemet med godkjenning av nye bilar som blir importert til Norge, det må sjåast særskilt på, seier Arnstad til NRK.no.

Ventar på høyringsresultat

Det er ute ei høyring i forhold til EU-regelverket og Arnstad vil no vente på resultatet frå denne før ein bestemmer kva som skal skje på lengre sikt. Ho seier dei i tillegg har gitt Vegdirektoratet i oppgåve å sjå på kva handlingsrom regelverket gir for tilpassing til norske forhold.

– Vi skal sjå på korleis vi kan vere fleksible og korleis vi kan ha ei regelfortolkning på linje med dei andre nordiske landa, seier ministeren.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Håndhevelse av EU-direktiv kan bety at transportnæringa stopper opp, frykter kjøreskolelærer i Narvik.

– Full siger

Geir A. Mo som er administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund legg ikkje skjul på at næringa har vore i harnisk på grunn av denne saka i haust.

Han seier både transportørar, arbeidstakarorganisasjonane og dei som kjøper transporttenester har stått samla. At sjåførane no får halde fram med praksisen slik dei har gjort til no er han strålande nøgd med.

– Dette er ein full siger for Norges Lastebileigarforbund og våre samarbeidspartnarar.

– No får vi tru at ministeren greier finne varige løysingar på dette, seier Mo vidare.

Han viser til at det allereie i dag er rom for nasjonale tilpassingar i EU-direktivet, og meiner det er viktig at dette får halde fram.

– Ein må erkjenne at vi her i Norge lever i ei arktisk sone og har heilt andre utfordringar enn dei har rundt Middelhavet.

Vil ikkje kvile på laurbæra

Sjølv om transportnæringa no altså har vunne fram vil ikkje Geir A. Mo kvile på laurbæra. Han seier dei håpar argumenta frå næringa vil vege sterkt også når departementet skal bestemme seg for ei løysing på lang sikt.

– Eg oppfatta både Vegdirektoratet og ministeren som lydhøyre og eg har god tru på at vi skal få til ei varig løysing.

– Det er viktig at trafikktryggleiken og framkomsten veg tyngre enn det Vegdirektoratet har lagt vekt på til no, vegane, seier Mo.