Hopp til innhold

– Ho legg seg på kne for EU

Bård Hoksrud (FrP) er ikkje nådig i sin kritikk av samferdsleminister Marit Arnstad (Sp). Han meiner ho legg seg på kne for EU i striden om nye reglar for yrkessjåførane.

Arnstad Hoksrud

STERKT KRITISK: Bård Hoksrud meiner at Marit Arnstad har falle på kne for EU i saka om reglar for lastebilnæringa.

Foto: arkiv / NRK

Det er etter Arnstad sitt svar i Stortinget i dag, at Hoksrud reagerer så sterkt. I eit brev til Stortinget gjer statsråden greie for sitt syn og skriv mellom anna:

«Jeg gjort kjent med at problemstillinger knyttet til bruk av akselløft og fremkommelighet tidligere har vært gjenstand for diskusjon mellom næringen og Vegdirektoratet. Som jeg signaliserte på transport- og logistikkforum forrige uke vil jeg nå ta initiativ til et møte med direktoratet og næringen for å utveksle synspunkter og drøfte handlingsrommet i forhold til det regelverket som foreligger.»

– Veldig passivt

– Eg tykkjer det er veldig passivt og eg synes samferdsleministeren legg seg på kne for EU. Eg synes jo at ein statsråd frå Senterpartiet som er imot EU burde reise seg i staden for og slå fast at dette finn vi oss ikkje , seier Hoksrud.

Det vekte svært sterke reaksjonar i transportbransjen då det vart kjend at Vegvirektoratet no vil stanse sjåførane sin moglegheit til å løfte vogna frå drivakslingen når dei køyrer over 30 km/t. Dette vil føre til kaos på norske vintervegar, meiner lastebileigarane.

– Vi kan seie nei til dette

– Arnstad seier i alle fall at no har EU stramma inn regelverket og då må Norge følgje etter. Vi seier nei til postdirektivet og vi kan seie nei til dette også. Dette er ei kjempeviktig sak for transportnæringa og det er kjempeviktig at vi sørger for å ha dei moglegheitene vi har hatt så langt, meiner Bård Hoksrud.

I fleire tiår har sjåførane med eit lite tastetrykk kunne overføre ekstra vekt til drivakslingen på bilen, slik har dei sikra at dei kjem seg fram på bratte og glatte vintervegar.

Men no vil altså Vegdirektoratet stramme inn denne praksisen. Dette vil føre til store vanskar med å kome seg fram på vegane, meiner lastebilnæringa.

Hoksrud meiner at det er samferdsleministeren som no sit med nøkkelen og at det er Vegdirektoratet som må vri den om.

lastebil

FRYKTAR DETTE: Lastebilnæringa trur kaos på vintervegane vert resultatet om dei ikkje får halde fram med å løfte boggien på dårlege vintervegar.

Foto: arkiv / NRK

– Uthalingsteknikk

– Alle lurer på kva i hulaste ein driv på med i Vegdirektoratet, når ein altså kan foreslå dette her og gjere kvardagen til alle yrkessjåførar mye dårlegare enn den er i dag. Eg forventar at samferdsleministeren grip inn overfor Vegdirektoratet., seier Hoksrud.

Han legg til at han meiner at dette er uthalingsteknikk frå frå statsråden si side og peikar på at ho har fått klare tilbakemeldingar frå Lastebileigarforbundet og andre som driv med transport i Norge.

– Dei seier klart og tydeleg at den moglegheita til å løfte boggien som vi har i dag, må vi halde fram med å ha, sler han fast.

– Fortvila sjåførar

Hoksrud meiner at han har full støtte for sitt syn i næringa. I går stod leiar i Norges Lastebileigarfobund i Sogn og Fjordane, Per Andreas Øren, fram med sitt syn.

Øren meiner reglane om maksimalt 14,9 tonn på drivakslingen og berre inntil 30 km/t om ein skal løfte boggiakslingen ikkje vil vere godt nok.

– Sjåførane er fortvila. Det er ingen som let dette går forbi i stille, verken av sjåførane eller bileigarane, seier Øren.