Elles i landet er kanalen tilgjengeleg via internett. Folkemusikar Sigmund Eikås er glad for den nye kanalen, men sier det er beklageleg at den berre skal sendast på Austlandet.
Sigmund Eikås er sjølv folkemusikar.
At kanalen blir tilgjengeleg for alle som har netttilgang imponerer ikkje Eikås.
Det blir lenge til NRK sitt digitale nett dekkjer heile landet. Den nye kanalen får endå dårlegare dekning enn kanalane Alltid Nyheter, Alltid Klassisk og Alltid Stortinget. Det seier radiosjef i NRK, Nils Heldal.
Store samlingar
Stryningen Rolf Myklebust er ein av dei som samla inn store mengder norsk folkemusikk for NRK. Det er mellom anna dette arkivmaterialet som no er ferdig digitalisert. I tillegg skal kanalen sende ny folkemusikk.
Radiosjef Nils Heldal seier det blir minst like mykje folkemusikk i P2 og P1 som før.
Eikås er også svært oppteken av at den nye folkemusikkanalen ikkje må gå på kostnad av folkemusikk i NRK sine andre sendeflater. Og Heldal garanterer at det ikkje skal skje.