Hopp til innhold

Bremanger får ikkje godkjent budsjettet sitt

Langtidsbudsjettet i Bremanger for perioden 2014 til 2017 er ikkje godkjend. Fylkesmannen meiner det er lagt inn urealistisk høge inntekter.

Svelgen

STORE TAP: Bremanger og er rekkje andre norske kommunar tapte svimlande summar i samband med den såkalla Terra-skandalen.

Foto: Aage Kvendseth

Kommunen har slite med underskot på svimlande 270 millionar kroner i samband med Terra-skandalen. Seniorrådgjevar Kåre Træen hos fylkesmannen likar ikkje at Bremanger kommune ikkje held seg til regelverket.

– Det er alvorleg i forhold at det er ein risiko for ikkje å klare inndekkinga av planen for underskot. Det er også ei usikker inntekt som er lagt inn i planen for 2015. Det er budsjettert med over tre millionar kroner for mykje i inntekt, seier han.

Tapte på verdipapir

Det var i 2007 det vart avdekt at Bremanger og er rekkje andre norske kommunar hadde tapt svimlande summar i samband med den såkalla Terra-skandalen. Kommunen hadde gambla på risikofylte verdipapir, og det samla tapet var på 270 millionar kroner. Sidan den tid har kommunen betalt ned store summar, slik underskotet no er nede i 145 millionar.

Rådmann Tom Joensen i Bremanger er nøgd med dette, men likar ikkje at dei har stelt seg slik at langtidsbudsjettet er underkjent av Fylkesmannen.

– Vi ønskjer ikkje at budsjettet skal bli underkjent. Men det er viktig å presisere at budsjettet for 2014 er godkjent. Det som ikkje er godkjent, er handlingsprogrammet vårt for 2015–2017.

Klarer å halde oppe tenestenivået

Han påpeikar at det berre er tre millionar som er ført for mykje på inntektssida.

– Kvifor vedtek de budsjett som ikkje er i tråd med regelverket?

– Vi har vel tolka regelverket ulikt, seier han.

– Enkelte vil hevde det er spelt russisk rulett med økonomien i Bremanger. Kor uheldig har dette vore?

– Eg vil ikkje kommenter påstanden din. Men når vi må setje av 25–30 millionar kroner i året til eit akkumulert underskot, er ikkje det gunstig for ein kommune, Men samstundes klarer vi å halde oppe tenestenivået i kommunen, det er det vi fokuserer på.