Hopp til innhold

Får ikkje byggje ut

Mishandla kvinner må ofte sove på leikerommet ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

Kvinner og born må sove på leikerommet på Krisesenteret.
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Trass i at stadig fleire kvinner og born søkjer hjelp ved Krisesenteret, får ikkje senteret byggje nytt tilbygg med fleire plassar.

Får ikkje byggje ut

I følgje dagleg leiar Wenche Hovland nektar Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet å byggje ut.

- Vi har hatt kontakt med BUF-direktoratet mange gonger og sendt mykje dokumentasjon. Når vi likevel blir møtte med at vi ikkje har sendt dokumentasjon, er vi på ein måte sjakk matt, seier ho.

Det planlagde nybygget til Krisesenteret i Sogn og Fjordane er ferdig teikna. I to tjukke permar har Hovland samla alle breva, rapportane og analysene som syner behovet for eit tilbygg. Likevel får dei ikkje førehandsgodkjenninga dei treng frå direktoratet til å byggje nytt.

Trangt og upraktisk

- Vi har fullt hus, og vi har reidd opp madrasser på golva som vi har gjort veldig ofte i seinare tid, seier Wenche Hovland.

- Korleis er det å leve slik?

- Det er vanskeleg for brukarane og personalet. Vi har det for trangt og det er upraktisk, seier ho.

Sidan 2001 har Krisesenteret i Sogn og Fjordane jobba med planane om eit nybygg for å stette alle krava som blir stilt til eit senter som hjelper kvinner og born utsette for vald. Det skal vere tilgjengeleg for funksjonshemma, ha privatavlukke for kvinnene og lydtette samtalerom.

Alt dette manglar Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

Har levert dokumentasjon

- Vi har levert mykje dokumentasjon på behovet. Det er berre å komme og sjå korleis vi lever, seier Hovland.

- Kan det vere at dokumentasjonen ikkje er god nok?

- Det kan eg ikkje forstå. Viss ikkje ein finansieringsplan frå banken ikkje er god nok og eit byggjebudsjett frå ein erfaren arktitekt ikkje er godt nok, veit eg ikkje kven som kan gjere det betre, seier ho.

Styreleiar Siv Førde er imponert over at dei tilsette greier å halde ut.

- Eg er full av beundring over korleis dei klarer å stille opp for kvinnene og borna. Det er ein utruleg kreativitet dei viser for oppfølgjing og tryggleiken deira, seier ho.

Vil ha politikarar på bana

Krisesenteret har no sendt brev til statsrådar, stortingspolitikarar og fylkespolitikarar, for å få lov til å starte på det sårt trengte nybygget som skulle stått ferdig i desse dagar.

- Vi håpar at politikarane vil hjelpe oss. Statsråden må vere så pass oppegåande at ho kan gå inn og setje skapet på plass, seier Hovland.

Frykta for valdelege menn er alltid til stades for kvinnene på eit krisesenter. Når uteområdet attpåtil er ein byggjeplass går det på tryggleiken laus.

- Det er ikkje noko gjerde og ikkje mogleg å setje opp alarmar så lenge vi ventar på å få setje opp huset, seier Hovland.