Får halde på drapsforsøksikta
Kvinna som er sikta for drapsforsøk i Flora i august, er fengsla i fire nye veker. Politiet er knappe med kommentarar, men opplyser til NRK at dei framleis har etterforskingssteg dei ynskjer å gjere. Ein eldre mann vart sendt til sjukehus med kritiske skader etter hendinga.