NRK Meny
Normal

Får fem øre kiloen for dette

FØRDE (NRK): Medan landbruksministeren skryt av situasjonen i norsk landbruk, får sauebønder ned til fem øre kiloen for sauekjøt.

Saueslakt ved Nortura Reset

BILLEG: Enkelte bønder har i år fått ned mot to kroner for ein heil saueskrott. Kiloprisen har vore fem øre. Årsaka er stor overproduksjon.

Foto: Ådne Dyrnesli

Den karakteristiske lukta av nyslakta dyr slår mot ein. Saueskrottane heng tett i tett. Vi er på Nortura-slakteriet i Førde der det er toppsesong for slakting av sau og lam. Ein stor del av skrottane blir ikkje skorne ned og sende ut i butikk.

I staden blir dei sende til store sentrallager rundt om i landet for nedfrysing.

Billegsal

Kor lenge kjøtet blir liggjande på fryselager er usikkert.

Tidlegare i år vart 120 tonn sauekjøt seld til dumpingpris til Afghanistan. Ytterlegare 280 tonn var eksportert ut av landet til svært låge prisar.

– Situasjonen er tragisk for sauebøndene som oppnår vesentleg lågare prisar. Spesielt sauekjøtet er dårleg betalt, men det er også låge prisar for lammekjøt, seier Eivind Fonn, fabrikksjef ved Nortura-anlegget i Førde.

Fabrikksjef Eivind Fonn ved Nortura i Førde

UBALANSE: Marknaden for sau- og lammekjøt er i ubalanse, seier Eivind Fonn, fabrikksjef ved Nortura-anlegget i Førde. Han fortel at mykje fårekjøt hamnar på fryselager på ubestemt tid.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

19 øre per kilo

Gardbrukar Erlend Brede Fossen viser fram ei avrekning frå slakteriet der det går fram at han har fått fem øre kiloen for ein vaksen sau. For heile dyret på 43,7 kilo fekk han utbetalt 2 kroner og 19 øre.

– Prisnivået er ei stor skam, seier Brede Fossen og sukkar.

For lammekjøtet har han fått i overkant av 40 kroner kiloen. Samanlikna med prisnivået i 2015 får Fossen i år 40.000 mindre utbetalt for fårekjøtet.

Auebonde Erlend Brede Fossen

MATFAR: Gardbrukar Erlend Brede Fossen er fortvilt over inntektsutviklinga i sauenæringa.

Foto: Bård Siem / NRK

Store lager

Ved inngangen av 2017 låg det 3200 tonn sau- og lammekjøt på fryselager.

For å redusere mengda på lager vart prisnivået sett kraftig ned i løpet av våren og sommaren.

– Då prisen vart senka ned til 13 kroner kiloen for sau, fann enkelte aktørar det lønsamt å eksportere sauekjøt ut av Norge, seier Jakob Simonhjell, direktør for Totalmarknad kjøt og egg i Nortura.

– Det er ein krevjande og alvorleg situasjon i sauenæringa, seier Simonhjell.

Ein viktig grunn til overproduksjonen er at regjeringa gjennom økonomisk stimulering har gjort det meir lønsamt å ha mange sauer.

Verre før, meiner ministeren

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) meiner situasjonen var verre for nokre år sidan, då det var underskot på norsk fårekjøt.

– Vi har snudd ti år med store importbehov til ein situasjon med marknadsbalanse og ein viss overproduksjon, seier han.

Mange sauebønder er svært fortvilte over prisutviklinga i sauenæringa. Kva har du å seie til dei?

– Eg forstår at dei reagerer. Det er ein jobb å gjere i heile verdikjeda. Det er viktig med produktutvikling og det er viktig å få fårekjøtet ut i butikkhyllene, seier Dale. Han lovar ingen endringar i politikken for å få produksjonen ned.

Muntlig spørretime i Stortinget onsdag.

VERRE FØR: Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) meiner det var verre før då det var underskot på norske sau- og lammekjøt.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Brede Fossen trur mange av dei minste sauebøndene blir tvinga til å slutte.

– Det verkar å vere ein bevisst politikk at dei minste skal vekk, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.