Hopp til innhold

I dette badekaret håpar dei at mange nye «Sogn og Fjordingar» skal kome til verda

Frå måndag av kan fødande i Sogn og Fjordane få føde på ein ny måte, nemleg i vatn. Fødande kan slik få ein lettare fødsel, og gi barnet ein mjuk start på livet.

Created by InfoDispatcher

VASSFØDSLAR: Frå måndag av opnar Kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus opp for at gravide kan føde i vatn. Jordmødrene Turid Langvatn og Sølvi Bente Stavø har lenge ivra for eit slikt tilbod, og er stolte over det no er på plass. FOTO: Tone Merete Lillesvangstu.

– Dette er noko vi har jobba lenge for, og drøymt om, og no kan vi endeleg opne opp for at kvinner kan føde i vatn, seier jordmor Sølvi Bente Stavø stolt.

Saman med jordmorkollega Turid Langvatn, har dei to jobba målretta for å få på plass dette tilbodet i fleire år.

Vassfødslar er vanleg ved svært mange andre sjukehus i landet, og no er altså tida komen for å tilby dette også i Sogn og Fjordane.

– Dette er kjempeflott. Vi veit dette er eit vanleg tilbod ved mange sjukehus i Norge, og vi har ønskt oss dette for kvinner i Sogn og Fjordane også, seier einingsleiar ved Kvinneklinikken på Sentralsjukehuset i Førde, Mette Hjertaas.

– Vatnet i seg sjølv er smertestillande

I eit stort og nyoppussa rom i femte etasje ved sjukehuset i Førde viser jordmødrene Sølvi Bente Stavø og Turid Langvatn stolt fram eit stort badekar.

I dette karet kan kvinner frå fylket no føde, dersom dei vil det sjølve og dei er friske nok til det.

– Når ein føder i vatn, er vatnet i seg sjølv smertestillande. Vatnet gir ei oppdrift, og når kvinna kjem opp i vatnet minskar det presset på både magen og dei indre organa, forklarar Stavø.

– Gir barnet ein mjuk start

Den erfarne jordmora seier kvinna i vatn får betre blodsirkulasjon og mindre smerter, og at riene blir meir effektive. Også barnet i magen har fordelar ved ein slik fødsel.

– Barnet får meir oksygen og har det betre i mor sin mage under fødselen.

– Inne i livmora er barnet omringa av vatn, og når barnet blir fødd i vatn får det ein mjukare start på livet.

– Det ein ser er at barn som blir fødd på denne måten blir mykje rolegare og gret mindre enn barn fødd på anna måte. Dei får ein mjuk start, seier jordmora som har 25 års erfaring.

– Kven kan nytte seg av dette tilbodet?

– Kvinner som er friske og som har hatt eit normalt svangerskap, og som ikkje har fødd store barn, eller fødd ved keisarsnitt tidlegare, seier Stavø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde Sentralsjukehus

NYTT TILBOD: Frå måndag av opnar eit nytt tilbod for fødande kvinner i Sogn og Fjordane ved Førde sentralsjukehus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Har fått opplæring i Oslo

Såkalla vassfødslar er noko som har blitt tilbydd ved mange andre sjukehus i ei årrekkje. Mellom anna på ABC-klinikken på Ullevål. Dette er landets mest kjente miljø for naturleg fødsel, og dei er spesielt kjent for fødslar i vatn.

Turid Langvatn og Sølvi Bente Stavø har lenge ivra for å få eit tilbod om vassfødsel til sjukehuset i Førde, og var for kort tid sidan på opplæring i ved klinikken i Oslo.

– Det var veldig kjekt og spennande. ABC-klinikken er ei avdeling med berre normale fødslar, for kvinner som i utgangspunktet er friske og som har hatt normale fødslar frå før.

– Veldig mange av fødslane skjer i vatn, og det var veldig kjekt å vere der, seier Turid Langvatn som har vore jordmor i 26 år.

Har ivra for tilbodet lenge

Både Langvatn og Stavø har sett korleis gravide kan dra fordelar av vatn, mellom anna ved vassgymnastikk, og har ønskt å bruke det våte element også under sjølve fødselen.

– Eg har lenge sett korleis det er tungt for gravide å trene, men i vatn blir dei vektlause og trening går fint. Dei greier vere fysisk aktive, fortel Langvatn.

Saman starta dei to opp med tilbod om vassgymnastikk for gravide i Førde då det nye terapibassenget stod klart for nokre år sidan.

– Der møtte vi kvinnene undervegs i svangerskapet, og såg korleis dei lett kan bevege seg og bruke kroppen betre i vatn eller på land, seier Sølvi Bente Stavø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jordmor Turid Langvatn og jordmor Sølvi Bente Stavø viser fram badekaret der kvinner kan få føde.

VIKTIG TILBOD: Jordmor Turid Langvatn (i badekaret) og jordmor Sølvi Bente Stavø er begge stolte over at dei no har fått på plass tilbodet om vassfødsel i Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Overskot frå tilbod om vassgymnastikk

Og nettopp denne tankegangen har dei teke med seg vidare, for å få på plass eit tilbod om å føde i vatn. Overskotet frå tilbodet om vassgymnastikk har vore med å finansiere det spesialdesigna fødebadekaret.

Og no er det altså på plass på sjukehuset.

– Badekaret her står litt ut frå veggen, slik at ein kan kome til frå alle kantar. Det gjeld både for personalet, og for pappaen som vi håpar skal vere med også på desse fødslane.

– Må ha bestemt seg for naturleg fødsel

I det nye føderommet er det ikkje fødeseng, men i staden ei stor dobbelseng som også kan brukast til å føde i. I tillegg er rommet utstyrt med dusj.

Kvinner som vil føde i vatn må vere bestemte på å føde på ein naturleg måte, det vil seie utan smertestillande.

– Dei kan ikkje få epidural og ikkje smertestillande. Men ein kan bruke naturlege metodar som vatn, varme og akupunktur, forklarar jordmødrene.

– Kva om ei gravid kvinne i Nordfjord eller Sogn ønskjer å føde i vatn?

– Då kjem ho til oss som alle dei andre. Og ho må berre ta kontakt og spørje oss om dette, slik at ho får den informasjonen ho treng. Vi vil gjerne diskutere dette med kvinnene.

Takkar eldsjelene

Ved Kvinneklinikken på Sentralsjukehuset i Førde kjem det kvart år om lag 800 barn til verda. Einingsleiar ved klinikken Mette Hjertaas er svært glad for at dei no endeleg kan tilby kvinner å føde i vatn.

– Det har teke litt tid, og vi har brukt ein del tid på å få på plass badekaret og skulert personalet, seier ho.

Ho rosar dei to jordmødrene Sølvi Bente Stavø og Turid Langvatn for initiativet.

– Vi er så heldige som har to eldsjeler som dei ved avdelinga, som har gjort det mogleg å få til dette, seier ho.

– Viktig at vi har tilbodet også her i fylket

Hjertaas seier dei etter kvart vil lære opp fleire av dei andre jordmødrene til å kunne ta imot barn i vatn.

– Har dette vore eit etterspurt tilbod?

– Vi har fått spørsmål innimellom, men eg trur at når vi no startar opp tilbodet, så vil det kome fleire. Det har ikkje vore kultur på fødslar i vatn i Sogn og Fjordane tidlegare, seier ho.

Einingsleiaren meiner det er heilt sjølvsagt at dette tilbodet også kjem på plass i Sogn og Fjordane.

– Kvinner i dag ønskjer eit breitt tilbod i forbindelse med fødselshjelp, og dei fleste har god oversikt over kva tilbod som finst elles i landet. Då er det viktig at vi også her i fylket har dette tilbodet.