Hopp til innhold

Fødande i indre Sogn kan ha barseltida på Lærdal sjukehus

Det skal opprettast ei eining ved Lærdal sjukehus som vil gi eit tilbod om barselopphald og følgjeteneste for gravide i Lærdal og Årdal.

Prosjektgruppa i Helse Førde presenterte tysdag ei løysing for fødande i indre Sogn for representanane for dei respektive kommunane. Truleg kjem den nye organiseringa i gang i mai.

– Vi skal opprette ei eining ved sjukehuset i Lærdal som vil gi eit tilbod med mogelegheit for barselopphald og følgjeteneste for dei gravide i Lærdal og Årdal til både Førde og Voss. Samt eit poliklinisk tilbod både før og etter førsel, seier avdelingsdirektør ved Kvinneklinikken i Helse Førde, Tom Guldhav til NRK.no.

Frå før er det følgjeteneste for fødande i Luster, Sogndal og Leikanger. No kjem altså også Årdal og Lærdal med i dette tilbodet.
Guldhav fortel at denne nyheita vart godt teken i mot.

– Vi har tidlegare vore i kontakt med både Lærdal og Årdal, som har vore svært positive og bidrege inn i tilbodet med jordmorteneste. I dag presenterte vi det for dei andre kommunane i Sogn. Dei var også positive, men må sjå nærare på korleis dei kan bidra inn i tilbodet, seier Guldhav.

Er ikkje eit fødetilbod

Mangeårig sjukehusaksjonist, Bente Øien Hauge er ikkje imponert.

– God start er ikkje eit fødetilbod, men eit tilbod i for- og etterkant av fødsel. Det er også, så vidt eg skjønnar, eit system for raske fødslar. At det vil vere jordmor og lokalitetar for å kunne ta i mot fødslar som går raskt. Men vi har ikkje noko fødetilbod i Nordfjord og indre Sogn no, miener Hauge.

Ho meiner det mest problematiske med denne ordninga er dette med reisevegen.

– Kvinner i Nordfjord og indre Sogn får lang reiseveg til eit fullverdig fødetilbod på Voss, i Volda og i Førde. Utan keisersnittsberedskap opnar det for nedbygging av den generelle akuttberedskapen ved sjukehusa, seier Hauge.

Resignert aksept

– Når det først er bestemt at det ikkje skal vere noko fødetilbod ved sjukehusa, kor godt er då dette som eit alternativ?

– Ein må ta i mot det med ein slags resignert aksept. Om alternativet var null, så er det klart at dette er mykje betre for velferda til dei gravide rundt fødselen, seier Hauge.

Ho legg til at ho er imponert over dei som jobbar i denne seksjonen i Helse Førde.

– At ein har klart å mobilisere entusiasme blant jordmødrer og dei som skal stå for drifta av dette tilbodet i Nordfjord og i Sogn, det er beundringsverdig. Så det gir ein betre velferd, men det var ikkje denne løysinga vi kjempa for, seier Hauge.

Trur ikkje kampen var forgjeves

Ho vil likevel ikkje slå fast at kampen har vore forgjeves.

– No veit ikkje vi korleis resultatet hadde vorte dersom vi ikkje hadde kjempa for fødetilboda. Argumenta våre om den tryggleiken som legeberedskapen representerer, meiner eg står ved lag. Men no må vi halde oss til at dette er resultatet vi har fått. Og vi har ikkje mykje å slåst for når dette er bestemt på regjeringsnivå, seier Hauge.

Ho legg til at dette er eit resultat av det regjeringa offentleggjorde 1. april i fjor.

– Med den avgjerda så gjorde dei det vanskeleg for oss å føre nokon kamp vidare. Du kan ikkje anke frå regjeringa. Men vi har prøvd å seie at ein del grunnlagsmaterialer var feil. Men det Helse Førde gjer no, er noko som trass alt er betre enn det vi såg for oss, seier Hauge.

Ho er usikker på om striden om sjukehusa hadde vorte annleis, dersom denne løysinga hadde vorte presentert på eit tidlegare tidspunkt.

– Uansett kor mange positive sider det er ved denne løysinga, så er det ikkje eit lokalt fødetilbod. Og det vil eg halde fast ved. Dette er ingen siger, og det ville ikkje ført til at vi la ned kampen, seier Hauge.