NRK Meny
Normal

Får det tøffare utan mediedekning

Driv du ein idrett med lite omtale i mediene, kan det bli endå mindre pengar å rutte med i framtida. – Det har mykje å seie, meiner professor Kjetil Haugen.

Mathias Loftesnes i angrep for Karlovarsko

VOND SIRKEL: Volleyball og andre idrettar i skuggen av dei store i riksmedia kan få det endå vanskelegare i framtida, meiner professor Kjetil Haugen ved Høgskulen i Molde. Her er utanlandsproffen Mathias Loftesnes (t.h.) i aksjon i Tsjekkia.

Foto: Jana Zlámalová

– Pengestraumen og sponsorane følgjer i stor grad mediedekninga. Det er negativt for dei idrettane som ikkje blir eksponert så mykje, seier professor Kjetil Haugen.

Han er prorektor og forskar på logistikk og sport management ved Høgskulen i Molde, og meiner mediedekninga hadde langt større breidde tilbake på 1970- og 80-talet.

– Eg trur utviklinga kjem til å halde fram. Det vil bli vanskelegare og vanskelegare for dei små og «upopulære» idrettane å hevde seg i mediebiletet, seier Haugen.

Dobesøk meir interessant enn proff

NRK fortalde tysdag om Mathias Loftesnes, som gjer suksess som profesjonell volleyballspelar i Europa – utan at det blir omtalt i norske riksmedium.

Norge har no fem utanlandsproffar i volleyball. Det norske landslaget har stor sportsleg framgang. Stod er i kvartfinalen i CEV Challenge Cup. Men idretten blir sjeldan vurdert som interessant av media.

– Det har liksom alltid vore slik. Vi som spelar volleyball har aldri fått mykje merksemd, seier Loftesnes.

– Slik det er no, må mindre idrettar kjempe hardare og prøve alle slags triks for å gjere seg lekre for sponsorane. Dessverre ser det ut til at dei ikkje lukkast med det, seier Haugen.

Han legg til:

– Berre sjå på den ekstreme mediedekninga av Martin Ødegaard. Vi får nesten beskjed når han går på do. Det er kanskje ikkje så interessant, men det verkar likevel som om marknaden verdset dette høgare enn volleyballproffen i Tsjekkia.

Meiner NRK tok breiddeoppdraget på alvor før

Volleyballen er ikkje åleine. Det er mange idrettar som er i ferd med å hamne i skuggen av store idrettar som fotball og ski.

Haugen meiner det har konsekvensar for idretten.

– Det er openbert at små idrettar får det vanskelegare. Med mindre popularitet og pengar så blir det færre ungdommar, det blir mindre kvalitet, og verre å hevde seg - det blir ein vond sirkel, forklarer professoren.

Haugen

Professor Kjetil Haugen.

Foto: Privat

– Marknadskreftene styrer?

– Ja. Sjå på NRK. Sett utanfrå ser det ut for at dei tok breiddeoppdraget på større alvor før. No ser dei meir på sjåartal, og dei store idrettane gir nok betre tal. For oss som er opptekne av breidde, kan dette synest uheldig, seier Haugen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.