Hopp til innhold

Får det ikkje til å stemme

BK Tromsø vart for sterke for herrelaget til Førde i eliteserien i Volleyball. Laurdag enda det 3–1 til Tromsø i Førdehuset.

Mathias Loftesnes på trening med landslaget

FÅR DET IKKJE HEILT TIL: Kaptein Mathias Loftesnes og dei andre spelarane på Førde VBK slit med å få flyt i spelet.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi har tendensar til bra spel, men vi vert for ujamne, seier Loftesnes.

I laurdagens oppgjer på heimebane i Førdehuset var det bortelaget Tromsø som trekte det lengste strået. Resultatet vart 3–1 med settsiffera 25-27, 25-22, 16–25 og 25–27.

– Vi ledar i store deler av kampen, men så taper vi på slutten av setta. Vi byrjar bra, men så vert vi for «shaky» på slutten av setta.

I fjor vart dei både serie- og cupmeister, men denne sesongen stemmer det ikkje heilt, og laget slit med å finne flyt i spelet, vedgår Loftesnes.

– Det er vanskeleg å setje fingeren på ein ting, men vi slit med å få rytme i spelet. Vi har prøvd ut fleire seksar-formasjonar, utan at vi har fått samspelet til å sitje, seier Loftesnes.

Ikkje lenger «under dogs»

I tillegg til at laget har hatt viktige spelarar som Øystein Bergum ute med skade, har dei også måtte klare seg med berre ein oppleggar. Førdespelarane merkar også godt at dei ikkje lenger er «under dogs».

– I år har vi vore favorittar, og laga vi møter er mykje meir skjerpa. Dei har lyst å knuse oss kvar gong, og så har ikkje vi vore nok på hogget, seier Loftesnes.

Av måla dei sette seg før sesongen er sluttspelet dei framleis har sjanse på.

– Sluttspelplassen har vi framleis god sjanse på. Om vi vert nummer fire så vert det uansett nedre sluttspel for laga frå fjerdeplass og nedover, seier Loftesnes.