Hopp til innhold

Får dei meir eller mindre å rutte med?

STÅRHEIM (NRK): Familien Ytre-Hauge Ivesdal på Stårheim er ein heilt vanleg familie. I dag gir dei økonomiekspertar innsyn i privatøkonomien sin.

Familien Ytre-Hauge Ivesdal

INNTEKTER OG UTGIFTER: Familien Ytre-Hauge Ivesdal er spent på satsinga på skule og trafikktrygging, men håpar og at statsbudsjettet bidreg til dei som treng det litt ekstra. Frå venstre: Arnstein Ivesdal, Magnus (9), Sigbjørn (11) og Peder (7) Ytre-Hauge Ivesdal og Reidun Ytre-Hauge Ivesdal.

Foto: Øystein Torheim

– Eg jobbar som lærar og er veldig oppteken av korleis dei prioriterer ungane på skulen, seier Reidun Ytre-Hauge Ivesdal.

Saman med mannen Arnstein Ivesdal har ho gitt NRK innsyn i økonomien, og er no spent på korleis forslag til statsbudsjett vil slå ut for deira lommebok.

– Eg er vel i den kategorien som tek statsbudsjettet som det er og svelger det rått, men klart det vert spennande, seier Arnstein.

Ein ganske så vanleg familie

I sofaen sitt tre brør. Det er haustferie, men pøsande regn ute. Veslesystera er i barnehagen. På tunet står to bilar, som kvar dag vert brukt til pendling til Nordfjordeid.

Forslag til statsbudsjett for 2018 vert lagt fram kl. 10.00 i dag.

For ein vanleg familie er det mange ting som spelar inn på økonomien. Til dømes er det ikkje aktuelt å bytte ut ein av bilane med buss til jobb.

– Vi er avhengige av to bilar, og då betyr det at vi har store utgifter til desse, som vegavgift, drivstoffavgift og alt som har med bil å gjere, påpeikar Arnstein.

Frå stoveglaset kan ein sjå bort på fotballbana i bygda, men dit må ein ha bil for å kome seg. Trafikktrygging opptek foreldra.

Ønskjer pengar til å kunne bu der ein vil

– At ungane våre har ein trygg veg til fritidstilbod, at vi ikkje må køyre dei dit, det er vi opptekne av. Riksvegen får meir og meir trafikk, og det er ikkje lagt til rette for at ungar skal kunne gå langs vegen, seier Arnstein Ivesdal.

Dei er begge opptekne av at det skal gå an å bu i distrikta, til dømes ved satsing på trygge vegar.

– Denne sesongen har det vore trening fem dagar i veka, med fleire titals ungar på treningane og alle må køyrast dit, påpeikar firebarnsmora.

Må huske på andre

I løpet av torsdag får dei dommen over eigen økonomi. Reidun vedgår at det er lett å tenkje at statsbudsjettet ikkje angår dei. Samstundes understrekar begge at familien trass alt har det godt.

– Det er lett å tenkje på seg sjølv, men vi lever i eitt av dei mest velståande landa i verda. Det er viktig å fokusere ut over landegrensene, tenkje bistand. Her er veldig mange som har det mykje verre, påpeikar familiefaren.