Får bot for rømd laks
Oppdrettsselskapet Marine Harvest har fått ei bot på 530.000 kroner av Fiskeridirektoratet. Bota får dei etter at nesten 30.000 laks rømde frå anlegget deira i Gulestø i Bremanger i fjor. Marine Harvest seier til NRK at dei har klaga inn vedtaket om bota, og vil difor ikkje kommentere saka.