Hopp til innhold

35.000 laks rømde frå oppdrettsanlegg

35.000 laks har rømt frå Marine Harvest sitt anlegg på Gulestø i Bremanger. Det viser teljing som er gjort i dag.

Marine Harvest avdeling Gulestø

PÅ RØMMEN: 891 av dei 35.000 laksane som har rømt frå anlegget på Gulestø har blitt fiska opp att.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ola Helge Hjetland

NULLVISJON: Kommunikasjonssjef i Marine Harvest seier dei ønskjer å lære av det som har skjedd.

Foto: NRK

Rømminga vart oppdaga 29. april, og Marine Harvest har no avslutta teljinga av fisk i anlegget. Totalt var det 191.000 laks i merden, med ei snittvekt på tre kilo.

– Vi undersøker framleis merden og nota for å fine ut kva som faktisk har skjedd, så det må vi kome tilbake til seinare, seier kommunikasjonssjef i Marine Harvest, Ola Helge Hjetland.

Det vart sett i verk gjenfangstfiske med ein gong rømminga vart oppdaga. Marine Harvest gjekk ut å lova 500 kroner for kvar fisk som vert fanga og levert inn, og så langt er 891 fisk fanga.

– Dette er både Marine Harvest sjølv, yrkesfiskarar og fritidsfiskarar som til saman har fiske opp laksen. Vi er sjølvsagt glad for det arbeidet fiskarane har bidrege med, seier Hjetland.

Marine Harvest har ein nullvisjon for rømming og vil saman med Fiskeridirektoratet gå gjennom hendinga for å lære av det som har skjedd.

– No har vi dialog med Fiskeridirektoratet og Fylkesmannen om gjenfangsten, så kor lenge den kan halde på veit vi ikkje, men det er viktig at den fangsten som skjer er i samsvar med dei reguleringar og løyva som fylkesmannen har gjeve, seier Hjetland.