Hopp til innhold

Fannemel på sjette i hoppveka

Ein godt nøgd Anders Fannemel enda på sjetteplass i årets første renn i hoppveka i Oberstdorf.

Fannemel med sjetteplass i Oberstorf

GODKJENT: Anders Fannemel frå Hornindal fekk ein god start på hoppveka med dagens sjetteplass.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Konkurransen var den første i årets hoppveke, etter at rennet søndag vart utsett.

Verdscupleiar Fannemel hoppa 128,5 meter i første omgang, noko som heldt til ein sjuandeplass før finaleomgangen.

I andre la han på eit par meter, men greidde likevel ikkje å ta leiinga i konkurransen. Honndølen gjekk inn på ein andreplass, 4,2 poeng bak leiande Kamil Stoch frå Polen.

Likevel hoppa Fannemel seg opp ein plass på resultatlista og enda til slutt på ein sjetteplass. Med det vart han nok ein gong best av dei norske. Nest best var hoppvekedebutanten Phillip Sjøen, som til slutt landa vart nummer tolv.

Sjølv om Fannemel nok hadde håpa på å vere enno nærare sigerspallen, var han likevel godt nøgd med innsatsen.

– Eg er ganske nærme, det er ikkje alvorleg bak resten. Hoppinga kjennest ganske bra, førsteomgangen er vrien og eg klarer meg ganske bra i andre, så eg er godt fornøgd, sa Fannemel til NRK etter rennet.

Heilt til topps gjekk austerrikaren Stefan Kraft, som med det tok sin første verdscupsiger.