Hopp til innhold

Hugsar du desse heltane? Dei gjekk opp løypa for Fannemel og Bø-brørne

Over 100 år etter at dei første karane byrja med skirenn i Sogn og Fjordane, herjar Anders Fannemel og Bø-brørne i verdstoppen på ski. Men det var karar som Arne Haukås og Rolv Tvinnereim som braut dei første barrierene.

Arne Haukås (t.v.) og Rolv Tvinnereim

STORLØPARAR: Arne Haukås (t.v.) og Rolf Tvinnereim var dei første løparane på nasjonalt nivå frå Sogn og Fjordane.

Foto: P. A. Røstad, Grefsen (biletet til venstre) og ukjend fotograf

– Dei var dei to første som markerte seg frå fylket vårt på på nasjonalt toppnivå, seier Jon Navarsete.

Utøvarar frå Sogn og Fjordane har markert seg i den ypperste verdseliten i hopp og skiskyting denne vinteren. Anders Fannemel har teke sin første siger i verdscupen i hoppbakken, Johannes Thingnes Bø har vunne renn i verdscupen i skiskyting og broren Tarjei Bø er også tilbake i toppsjiktet.

Men: skrur vi tida tilbake, er det langt mellom toppløparar frå Sogn og Fjordane. For det var løparar frå Austlandet, Trøndelag og flatbygdene som dominerte skiidrettane heilt fram til etter andre verdskrig.

Sogning vart toppløpar mot alle odds

Først på 1950-talet dukka det opp ein hardtsatsande langrennsløpar frå Sogn. Arne Haukås frå Kaupanger var den første løparen frå fylket som hevda seg heilt oppe i den nasjonale eliten.

Som gutunge var han mykje plaga av sjukdom, og i ein periode på to år måtte han halde seg mest innandørs. Då las han bøker om skiheltane sine. Så snart han starta med trening igjen, byrja han å skrive treningsdagbok. Og han trente. Ofte seks dagar i veka.

– Han må ha vore eit naturtalent av dei sjeldne. Haukås leia faktisk Monolittrennet ein gong på slutten av 50-talet. Med treningsforhold som han hadde på Haukåsen i Sogndal, er det eigentleg heilt utruleg at det går an, seier Jon Navarsete.

Haukås var skogsarbeidar. Han jobba i skogen, og gjekk på ski og frå arbeidet om vinteren. Sommarstid sprang han til og frå. Gjerne i tunge gummistøvlar.

Dei beste resultata hans var ein niandeplass i Holmenkollen og ein fjerdeplass i NM.

Frå min fyrste 50 km i Holmenkollen har eg eit artig minne: Halvvegs i løpet var eg heilt tom og kjende meg ulidelig svolten. Eg skjønte ikkje korleis eg skulle koma meg til mål. Eg bomma ein tilskodar ute i løypa etter mat. Han fann velvillig fram matboksen sin. Eg åt opp mest alt, takka for maten og tusla meg til mål. Det var tyst og stille i målområdet, for rennet var nesten slutt

Arne Haukås i boka «Ski-idrett i Sogn og Fjordane»

Måtte brøyte seg løype sjølv

På same tid var Rolv Tvinnereim frå Hardbagg ein av dei beste løparane frå Sogn og Fjordane. Også han hevda seg i nasjonale renn.

Han trente systematisk, og gjerne 12-13 timar i veka i kupert terreng. Heime laga han seg eit apparat med taljer for å trene styrke.

– Det var ein stor prestasjon å hevde seg nasjonalt på den tida. Tenk deg treningsforholda, løypene dei måtte lage sjølve - og berre det å reise til konkurranse på Austlandet var ei dryg reise i seg sjølv. Dei var utan støtteapparat og var sjølvlærte i alt, seier Jon Navarsete.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Knut Aaland

TOPPLØPAR: Per-Knut Aaland var den første langrennsløparen frå fylket i OL. Seinare vart han smørjeekspert.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Så kom milslukarane frå Nordfjord

Nokre tiår seinare braut Per Knut Aaland nye barrierer for Sogn og Fjordane. Nordfjordingen vart den første frå fylket på langrennslandslaget.

Han tok ein sjetteplass under OL i Innsbruck i 1976, og fekk det store nasjonale gjennombrotet med gull og kongepokal under NM i 1977. Under OL i Lake Placid i 1980 gjekk Aaland på laget som tok stafettsølv.

– Han var ein viktig gjennombrotsmann for Sogn og Fjordane. Eg vil tru han var ein enorm inspirator for dei som gjekk på langrenn her i fylket, seier Navarsete.

Eit nytt tiår seinare kom Odd-Bjørn Hjelmeset. Han står som den store langrennskongen frå Sogn og Fjordane, med VM-gull på femmila i 2007 som det store høgdepunktet karrieren. Han noterte seg også for åtte verdscupsigrar.

No er det altså skiskyttarane som først og fremst forsvarer Sogn og Fjordane i skiløypa.

Få hopparar i toppen - men veldig gode

At nettopp Anders Fannemel skulle bli den store hopparen, er kanskje ikkje så tilfeldig som ein skulle tru. Vesle Hornindal har nemleg tradisjonar i skisporet langt tilbake i tid.

Under europameisterskapen for juniorar klarte eg sølvmedalje etter Toni Innauer. Roger Ruud vart nummer tre. Innauer hadde då den såkalla «fantomdrakten» som dei andre nasjonane ikkje hadde tilgang til.

Rune Hauge i boka «Ski-idrett i Sogn og Fjordane»

Eitt av dei aller første skirenna som nokon gong vart arrangert i Sogn og Fjordane, skal ha gått av stabelen i Hornindal.

Men det var ein kar frå Hafslo som verkeleg skulle setje fylket på kartet i hoppbakken.

– Brørne Rune og Rolf Hauge slo gjennom på byrjinga av 70-talet. Dei reiste til Oslo og markerte seg. Rune var den første som tok steget heilt opp i toppen, seier Navarsete.

Rune Hauge var den aller første frå Sogn og Fjordane i den prestisjetunge Tysk-austerrikse hoppveka. Det skulle gå 35 år før den neste skulle klare det samme. Det var Anders Fannemel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rune Hauge

I HOPPVEKA: Rune Hauge frå Hafslo braut barrierer i hoppbakken. Han var den første - og lenge den einaste - frå Sogn og Fjordane i hoppveka.

Foto: Asbjørn Risbakken

Historia til Hornindal og Fannemel er unik

Rune Hauge kom frå eit hoppmiljø med svært lange tradisjonar på Hafslo. Det gjer også Anders Fannemel, som tek tradisjonane frå Hornindal eit steg vidare med innsatsen sin i verdstoppen.

– Det er litt artig at det kjem ein hoppar frå Hornindal no. Dei har jo hatt mange gode på loake nivå, så det er heilt perfekt at Fannemel no er blant verdas beste. Eigentleg heilt unikt, seier Navarsete.

Eg brukte astma som unnskyldning for at eg ikkje var så god som dei andre. Eg var ganske liten, og hadde ikkje hadde ikkje fysiske føresetnader for skiskyting. Men eg vart fort hekta av meistringskjensla i hopping, sjølv om det berre var i ein 15-metersbakke

Anders Fannemel til NRK.no
Anders Fannemel i Holmenkollen

I VERDSELITEN: Anders Fannemel.

Foto: Rune Fossum / NRK

I skiskyting er historia langt kortare. Den første verkelege toppløparen frå Sogn og Fjordane var Ann Kristin Aafedt Flatland, som debuterte i verdscupen i 2003. I løpet av karrieren fekk ho med seg to verdscupsigrar og to VM-gull på stafett.

Seinare kom Ronny Hafsås og Tarjei Bø, som begge slo gjennom i ung alder. No har eldstemann Bø fått selskap av Johannes Thingnes Bø i verdseliten.