NRK Meny
Normal

Fann ikkje noko uforsvarleg etter dødsfall

Fylkesmannen konkluderer med at oppfølginga av ei 13 år gammal jente som døydde i fosterheim var forsvarleg.

Sogndal kommune

FORSVARLEG: Sogn barnevern, fosterforeldre og ein kommunelege er melde til politiet i saka der ein 13-åring døydde i fosterheim. Fylkesmannen meiner barnevernet har følgt jenta opp på ein forsvarleg måte.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Sogn barnevern, fosterforeldre og ein kommunelege vart i februar melde til politiet etter at ei 13 år gamal jente vart funnen død i senga i fosterheimen.

Den førebelse obduksjonsrapporten nemnde epilepsi som mogleg dødsårsak.

– Vi meiner bestemt at jenta ikkje fekk den naudsynte helsehjelpa ho skulle hatt, sa advokat Louis Anda til NRK.

– Barnevernet følgde opp barnet sine behov

No har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane konkludert med at barnevernet si handsaming og oppfølging av 13-åringen var forsvarleg.

– Vi har avgrensa vårt tilsyn til å sjå på om barnevernet har følgd opp barnet sine særlege omsorgsbehov i samsvar med forsvarlegkravet som er i barnevernslova, seier seksjonssjef Hanne Sæbø.

– Dette er då ei vurdering av kva barnevernet har gjort, eller ikkje gjort, på bakgrunn av det dei visste eller burde ha visst om barnet sine særlege omsorgsbehov. Vi har konkludert med at Sogn barnevern har følgt opp barnet sine behov, seier ho.

Foreldra og advokaten meiner jenta i forkant av dødsfallet hadde symptom på epilepsi. Etter det NRK kjenner til var epilepsimedisineringa trappa ned i forkant av dødsfallet.

Stiller spørsmål ved Fylkesmannen si gransking

Advokat Louis Anda er advokat for jenta sine biologiske foreldre. Han meiner Fylkesmannen ikkje har gjort ei god nok undersøking av saka.

– Eg har faktisk litt vanskar med å ta fylkesmannen sitt syn på saka på alvor. Det går føre seg for tida ei ganske tung etterforsking, der Kripos er inne med bistand i samband med etterforsking, og avhøyr som ikkje er avslutta. Det undrar meg då at Fylkesmannen, med sine avgrensa ressursar og på det grunnlaget, kan ta slike avgjerder. Så frå vår side kan vi ikkje kan ta dette heilt alvorleg, seier Anda.

Louis Anda

SKEPTISK TIL FYLKESMANNEN: Advokat Louis Anda er skeptisk til konklusjonen til Fylkesmannen.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Framleis er Sogn barnevern, fosterforeldre og ein kommunelege melde til politiet etter at jenta vart funnen død hos fosterforeldra.

– Undersøkingane som politiet gjer er kor vidt dei som har hatt hovudomsorga for barnet er å klandre for at dei ved aktløyse har påført dette barnet drapet. Dersom ikkje det har noko med barnevernet si utøving av sitt arbeid å gjere og relasjon til ein tilsynssak, så tenkjer eg at det må vere ein vesentleg feil ved vurderinga til Fylkesmannen.

Han er også kritisk til at Fylkesmannen ikkje har tatt kontakt eller informert dei biologiske foreldra om vedtaket sitt.

Vil ikkje gje ytterlegare kommentarar

Jenta budde i fosterheim og var under Sogndal kommune sitt omsorgsansvar då ho døydde. Det er dei biologiske foreldra til jenta som står bak politimeldinga.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane opna tilsyn mot Sogn barnevern og fastlegen til jenta.

– Vi har gjennomført dette tilsynet med eit besøk hos barnevernstenesta, der vi har gått gjennom dokumenta i saka. Vi har også snakka med ansvarlege der, og så har vi fått nokre supplerande opplysningar frå BUF-etat, seier Hanne Sæbø.

– Korleis vil konklusjonen dykkar påverke politisaka?

– Vi har undersøkt det barnevernstenesta har gjort. Eg kan ikkje seie noko meir enn det. Når det gjeld barnevernet, er dette avslutta hos oss, seier Sæbø.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.