Fann 400 år gammal bibel på stabburet - no skal den på utstilling

I mange år har den 400 år gamle bibelen lege til pynt på ein benk i Balestrand. No skal alle som vil få sjå den.

Sissel Marie Nygård

GAMAL BIBEL: Eigar Sissel Marie Nygård har hatt bibelen til pynt i 15 år. No skal den på utstilling i samband med 150 årsjubileet til Tjugum kyrkje.

Foto: Jostein Risa

Gammal bibel i Balestrand

SALOMONS HØYSANG: Teksten er på gammaldansk og har andre typar bokstavar enn vi er vane med i dag.

Foto: Jostein Risa

Det var Sogn Avis som først fortalde historia om den mange hundre år gamle bibelen. Den blei funnen på stabburet på ein gard i Balestrand for 15 år sidan.

– Det var ingen som kunne seie så mykje om den. Men eg har ei tante som er interessert i gamle ting. Ho fekk sjå bibelen og meinte vi burde vi burde ta kontakt med Universitetet i Bergen. Eg sende dei ein e-post om boka, og etter det har den lege på loftet vårt, fortel eigar Sissel Marie Nygård til NRK.no.

Meir innhald enn dagens biblar

Bibelen er fem-seks kilo, har om lag 1200 sider og er trykt i København i 1588. Den gamle boka har difor lege til pynt utanfor gjesterommet på loftet. Der har den fått liggje i fred i 15 år.

Men då Nygård såg at Balestrand kyrkjelyd var på jakt etter gamle ting i samband med at Tjugum kyrkje er 150 år, tok ho med seg bibelen til presten.

Sokneprest Audun Systad, som tok med seg bibelen til Bergen for å få stadfesta årstal på han, seier til Sogn Avis at den rikt illustrerte biletbibelen har eit anna innhald enn biblane vi har i dag.

– Den har også apokryfe skrifter. Det er tekster som av religiøse autoritetar ikkje blir rekna for å vere guddommeleg inspirerte eller på andre måtar kan trekkjast i tvil, seier han til avisa.

Og no skal Bibelen visast fram på ei utstilling på Kviknes hotell i samband med jubileumsveka til kyrkja i månadsskifter oktober/november.

Skal på utstilling

Korleis bibelen har hamna på garden i Balestrand, veit ikkje eigar Sissel Marie Nygård. For det var ikkje vanleg at folk på den tida eigde slike biblar.

– Eg veit ikkje om det var ein spesielt rik gard. Men den var ein stor gard som blei etter kvart delt i to. Eg har lyst å finne ut meir om historia til garden. Det er eit spennande tema, og eg har byrja å lese i bygdebøker for å finne ut meir, seier ho til NRK.

Dette er ikkje den første gamle bibelen som er funnen i Sogn og Fjordane. For eitt år sidan kunne NRK fortelje om ein bibel frå 1550 som ein husmann i Øvstedalen i Sogndal hadde eigd. Den er no i magasina til Fylkesarkivet. Det finst også ein på Sogn Folkemuseum.

Kosta det same som ein okse

Bibel-ekspert Johnny Kaspersen seier til Sogn Avis at bibelen frå 1588 berre blei trykt 1500–2000 eksemplar. Det var kyrkjene som skulle ha dei, men nokre rikfolk kjøpte også privat.

– Prisen var seks-sju dalar. Det var det same som ein okse kosta på den tida, seier han.

Så gamle biblar i god stand går for mellom 20.000 og 30.000 kroner. Sissel Marie Nygård trur ikkje hennar er så mykje verdt.

– Den manglar permane, så verdien i kroner er nok ikkje så høg. Det er den historiske verdien som er viktig for oss, seier ho.

Etter jubileumsutstillinga er ferdig, reknar ho med at den hamnar på sin faste plass igjen.

– Eventuelt får vi stille den ut her på garden. Vi har mange andre bøker her også. Bibelen skal i alle fall takast godt vare på.

Gammal bibel i Balestrand

GAMMAL BIBEL: Den er trykt i København i 1588.

Foto: Jostein Risa