Hopp til innhold

Oppsiktsvekkjande funn av bronse og støypeformar i Årdal

Bronsegjenstandar og støypeformer er spennande funn som er gjort ved Skrivarhelleren i Årdal dei siste vekene.

Bronsefunn

BRONSE: Denne bronsebiten er funnen ved Skrivarhelleren. Kanskje er det ei draktspenne frå bronsealderen?

Foto: Arkeologi i Skrivarhelleren

Christopher Prescott og sonen Liam

SPENNANDE JOBB: Christopher Prescott og sonen Liam under utgravinga i Årdal.

Foto: Arkeologi i Skrivarhelleren

I august har eit team med arkeologiprofessor Christopher Prescott frå Universitetet i Oslo i spissen, drive utgravingar ved den gamle busetnadsplasen i Moadalen i Årdal. Staden ligg om lag 800 meter over havet.

– Vi har funne spor etter metallaging og bitar av bronse. Dette er veldig viktige og oppsiktsvekkjande funn. Både på grunn av materiellet i seg sjølv og i konteksten det er funne i. Funna er sentrale når det gjeld å forstå kva som skjedde i Vest-Skandinavia i det tredje årtusen. Dette kjem til å få stor merksemd, seier han.

Del av støypeform

Dette kan vere ein del av støypeform. Tilsvarande funn i 1989 gav verdiar for bronse og temperaturar opp mot 1100 grader.

Foto: Arkeologi i Skrivarhelleren

Veit lite om metallbruken

Tidlegare er det gjort få funn av bronse under utgravingar i Norge, berre om lag 800 bitar og gjenstandar.

– Vi har funne 5–6 bronsebitar i Skrivarhelleren og det tykkjer vi er underleg. Vi har også funne kopar, seier Prescott.

Han har oppdaga ein støypeplass som er mykje større enn han oppfatta den var sist han var i Årdal.

– Vi har funne støypeformer og ein støypeplass, men vi forstår framleis lite av dette fordi det finst få slike stader i Skandinavia. Vi forstår eigentleg veldig lite om den tidleg metallbruken, ikkje berre i Norge, men i heile Europa.

Blei støypt bronse

Prescott seier dei nye funna viser at det blei støypt bronse her i landet. Det er også funne spor etter kopar.

– Betyr funna at bronsealderen kom hit til landet tidlegare enn de har trudd før?

– Det er ein viss bevegelse å sjå når det gjeld forløparen til bronsealderen, den perioden som er knytt til klokkebeger-kulturen i Vest-Europa. Ein av dei nordlegaste førekomstane ligg altså i Skrivarhelleren.

Skiveperle laget av skjell

PERLE: Dette er ei skiveperle laga av skjel. Nærare 15 slike er funne ved Skrivarhelleren.

Kan ha samanheng med kopargruvene

Noko av det som gjer funnet i metall i Årdal ekstra spennande, er at ein av få kjelder til koparmalm som kan utnyttast ved enkel teknologi, finst i gruvene i Årdal.

– Ein av teoriane våre er at den veldige oppblomstringa vi får i Indre Sogn i tredje årtusen kan ha samanheng med koparkjelda her. Men vi har til gode å bevise dette, seier han.

Spesiell og underleg stad

Busetnaden i helleren starta om lag 2400 år før Kristus. Laginga av metall, som er noko av det tidlegaste i Skandinavia, ser ut til å ta til ein stad mellom 2000 og 1700 år f. Kr. Etter det er det busetnad fram til mellomalderen.

Christopher Prescott var også med på utgravingar på same staden for 25 år sidan og tok doktoravhandlinga si på resultata derifrå. Også den gong fann dei spor av metall. Han seier at Skrivarhelleren er ein spesiell og underleg stad.

– Det er sterke spor etter tidleg bronse- og koparstøyping. Vi har funne spor etter jakt og det er tjukke avfallslag. I tillegg har vi funn tamdyr-bein som viser tidleg jordbruk i området. At alt dette finst her tykkjer vi er ganske overraskande.

Skrivarhelleren

SKRIVARHELLEREN: Her ved helleren har arkeologane drive utgraving.

Foto: Arkeologi i Skrivarhelleren

Har teke mange prøvar

Dei kom tilbake til Skrivarhelleren fordi dei i løpet av dei siste åra, har lært mykje om det tidlege dyrehaldet, bronsealder og busetnad.

– Denne perioden i det tredje årtusen var omveltningsperiode i store delar av Nord- og Vest-Europa. Dei funna som var spennande på 80-talet har fått ny aktualitet. Vi reiste tilbake hit for å ta med oss naturvitenskapleg materiale som vi kan ta prøver av.

Fann perler og skjel

Teamet har funne mykje organisk materiale, noko som er uvanleg når arkeologane driv utgraving.

– Vi har funne perler der den eine er laga av skjel. Det er også funne heile skjel og bein frå både små- og storfe. Fiskerestar, anheng og pilspissar har vi også samla inn.

– Vanlegvis finn vi stort sett uorganisk material som keramikk, stein og metall. Det er ganske spesielt å finne så mykje som tydelegvis var veldig vanleg i kvardagen på den tida, men som vi ofte ikkje ser snurten av under utgravingar i dag, seier han.

Mørk og kald stad

Han skildrar Skrivarhelleren som ein våt, mørk og kald stad – på alle måtar ein utriveleg stad å bu.

– Folk slo seg nok ned her fordi helleren gav tak over hovudet. I tillegg ligg staden langs ein ferdselsveg.

Dei metertjukke avfallslaga vitnar om stor aktivitet i mange, mange år.

– Det har vore kontinuerleg aktivitet her i tre tusen år og det er metertjukke avfallslag som vitnar om at mykje har skjedd. Det er ei lita gåte det som har vore her.

– Det mest spennande av funna er bronsen og støypeforma. Men også dei vakre gjenstandane i bein og skjel er heilt spesielle.

Det organiske materialet har halde seg så godt fordi det har vore godt beskytta frå vêr og vind på grunn av overhenget.

– Det er mørkt og kaldt og store mengder med organisk materiale som skaper sitt eige mikromiljø. Ting blir ikkje brote ned då, seier han.

Fryktar helleren vil kollapse

I morgon pakkar arkeologane saman utstyret for denne gong. Om dei kjem tilbake, veit han ikkje.

– Vi har masse med prøver som skal arbeidast med og analyserast. Så tek vi ei avgjerd i vinter kva som skjer vidare. Eg ser at på Skrivarhelleren at deler byrjar å kollapse og då kan dei unike funnstadene forsvinne med åra. Det gjer det også farleg å jobbe her.

Del av dekorert beinperle

BEINPERLE: Denne perla er dekorert. Den blei funnen i løpet av utgravinga i Moadalen.

Foto: Arkeologi i Skrivarhelleren