Hopp til innhold

Har fått bibel frå 1550 i arkivet

Ein 462 år gamal bibel har no hamna i magasinet til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Per Olav Bøyum på Fylkesarkivet med bibel frå 1550
Foto: Arve Uglum / NRK

Arkivar Per Olav Bøyum legg ikkje skjul på at han tykkjer det er stas å ha fått eit slikt klenodium i samlinga.

– Det er ein liten skatt, eg må ha på meg kvite hanskar når eg tek han fram. Denne bibelen er noko av det eldste vi tek vare på her på Fylkesarkivet. Det er med stor aktelse eg blar i han.

50 eksemplar eksisterer

Det skal ha kome rundt 100 slike biblar til Norge, og om lag 50 av dei har overlevd til vår tid. Det handlar om den første bibelen som er trykt på dansk, bibelen til kong Kristian III, trykt i 1550, 95 år etter at Johan Gutenberg trykte den aller første bibelen.

Per Olav Bøyum konstaterer at den tjukke boka ber preg av å vere 462 år gamal, men likevel ikkje er i så aller verst stand.

– Bakerst er det litt opprive og flisete i kantane, men elles held papiret seg veldig bra, skrifta er tydeleg, og illustrasjonane er fantastiske.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bibel frå 1550 på fylkesarkivet

GOTISK SKRIFT: Det er ikkje lett å lese Bibelen utan trening i å lese gotisk skrift.

Foto: Arve Uglum / NRK

Eigd av husmann

Verdien på bibelen er vanskeleg å fastslå, utover at den er høg. Og boka har ei interessant historie. Den einaste tidlegare eigaren som er kjend er Peder Pedersen Vatlestad, ein husmann i Øvstedalen i Sogndal som døydde i 1847.

Bibelen dukka opp att i det som blir oppgitt som eit «uthus på Vestlandet» rundt 1900, og gjekk via fleire eigarar før den vart gitt til Høgskulen i Sogn og Fjordane i 1982.

No har høgskulen gitt bibelen vidare til arkivet.

– Det var ynskje om at den skulle bli oppbevart i trygge lokale for framtida. Vi har magasinlokale som støttar alle krav til arkivmateriale.

Tre slike bibelar i Sogn og Fjordane

Det finst faktisk to biblar til av denne typen i Sogn og Fjordane, éin hjå De Heibergske samlinger Sogn Folkemuseum og éin i privat eige i Balestrand. Kva som skal skje med den som har kome til Fylkesarkivet er uvisst, men Bøyum lovar at dei skal ta godt vare på den.

– Det er eit spørsmål om vi skulle ha restaurert den, men den kompetansen har vi ikkje her på Fylkesarkivet, så vår hovudoppgåve er berre å oppbevare den trygt for framtida.

Bibel frå 1550 på Fylkesarkivet

OVERRASKANDE GOD STAND: Bibelen per preg av å vere 462 år gamal, men papiret har halde seg godt.

Foto: Arve Uglum / NRK