NRK Meny
Normal

Fann bjørnehi i Jostedalen

Det er funne fleire bjørnehi i Jostedalen i Luster. Dette fortel fjelloppsynsmann Einar Fortun som inspiserte hia tysdag.

Bjørnehi i Jostedalen
Foto: Einar Fortun

- Bjørnen har greve på to plassar. På den eine plassen har han treft ein stor stein så han ikkje fekk fullført hiet. På den andre plassen var det halvveges inngreve, og han hadde sanka inn ein del kvist som han skulle ha til å liggje på, seier Fortun.

 

To prøvehi og eitt overvintringshi

Einar Fortun med lam som er drepe av bjørn.

Einar Fortun med lam som er drepe av bjørn

Foto: MMS-foto: Arne Eithun / NRK

Det var i helga at ein hjortejeger fann det han trudde var eit bjørnehi aust for Fåbergstøylen i Jostedalen, om lag ei mil frå grensa til Skjåk i Oppland. Av frykt for at det kunne vere ein bjørn i hiet gjekk han ikkje heilt fram for å sjekke. I staden tok han kontakt med fjelloppsynsmann Einar Fortun, som i går kunne konstatere at det var to prøvehi frå i fjor som jegeren hadde sett.

- Det er normalt at i det området bjørnen grev prøvehi, vil den også overvintre. Det er difor rimeleg å tru at den har overvintra i grenseområdet mellom Mysubytta i Skjåk og Jostedalen i Luster, seier han.

I tillegg fann Fortun eit eldre hi som bjørnar truleg har overvintra i tidlegare. Han veit ikkje om andre plassar i fylket det er funne bjørnehi i moderne tid. Men han ser det ikkje som oppsiktsvekkjande, sidan det har lege bjørn i hi i fleire år i Skjåk.

- Når bjørnestammen veks, trekk han mot områda våra. Det er naturleg at det kjem fleire, og vi må nok rekna med det framover, seier han.

Fortvila over forvaltninga

Arne Bjørk og Einar Fortun.

Arne Bjørk og Einar Fortun

Foto: Arne Eithun / NRK

Leiar i Jostedalen sankelag, Arne Bjørk, trur det kjem til å bli fleire og fleire bjørn buande i hi i Jostedalen og området rundt.

- Så lenge dei frå fred til å etablere seg, kjem dei tilbake hit.

Arne Bjørk er svært fortvila over rovdyrforvaltninga i Sogn og Fjordane.

- Det syner seg stadig vekk at forvaltninga ikkje har kontroll på bjørnestamma og ikkje har begrep om kor mykje bjørn det er, seier han.

Bjørk meiner ein no bør få lisensjakt på bjørn frå neste år, sidan ein no har lisensjakt aust for grensa.

- Beitedyra skal prioriterast

- Styresmaktene har lovd oss at her i fylket skal beitedyra prioriterast. Og då er det ikkje plass til store rovdyr. Den lovnaden må dei berre halde og hjelpe oss å halde rovdyra vekke, seier han.

- Eg fryktar vi får ein sommar slik som vi hadde i fjor, då vi mista 11 prosent av sauebesetninga i Jostedalen. Sjå 160 sauer drepne av bjørn

Jarle Oddgeir Solheim, som sist helg var sikker på at han såg ein bjørn medan han var på jakt i Sunnarvik i Eikefjord, meiner bjørnehia i Jostedalen dokumenterer at det overvintrar bjørn i Sogn og Fjordane.

 

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast