NRK Meny
Normal

Fanga branninfernoet på sitt verste på film

– Det var som ein tjukk snøstorm, du såg ingenting. Men det var ikkje snø, men glør som stod rundt alle husa, fortel Johannes Einemo (30) om dei dramatiske timane i Lærdal. Midt i branninfernoet fann han fram telefonen.

Se flammeinfernoet i Lærdal på nært hold. Bilder fra innsender Johannes Einemo.

FLAMMEINFERNOET PÅ NÆRT HALD: Då det stod på som verst tok Johannes Einemo fram telefonen. Først nesten to døgn etterpå innsåg han kor mykje han hadde filma av branndramaet.

Videoen frå telefonen til lærdølen talar sitt klare språk. Om dramatiske timar der innbyggjarar og redningsmannskap kjempa side om side for å berge mest mogleg.

Inferno er det einaste rette ordet å bruke om dei dramatiske timane.

– Det var heilt vilt. At det ikkje gjekk liv tapt er veldig bra, alle som var der gjorde ein utruleg innsats, fortel Einemo.

Brukte alt dei hadde til å sløkkje

Småbarnsfaren hadde akkurat lagt seg då han vart vekt av ein telefon frå sambuaren. Han fekk beskjed om å sjå ut ruta, og synet som møtte han vil han seint gløyme.

– Då eg kikka ut glaset såg eg at heile dalen var raud oppetter fjellsidene… Det såg nesten ut som det var blitt krig, fortel han til NRK.no.

I full fart fekk han vekt opp den vesle dottera si, kasta på seg kleda og evakuerte. Ute i gata møtte han naboar som brukte alt dei hadde for hendene til å prøve å sløkkje.

– Det tok fyr i alt. Hekkar, gras, og rundt om kring var det mange småbrannar som innbyggjarane tok seg av.

– Vi fekk sløkt med raker, brannsløkkingsapparat, teppe, ramsar han opp og held fram: – Alle gjorde ein innsats for å hindre at brannen skulle spreie seg.

(Artikkelen held fram under)

Johannes Einemo

SKREMMANDE: Johannes Einemo sine bilete frå branninfernoet vart vist på NRK Dagsrevyen klokka 23 måndag kveld.

– Sprang rundt og trakka i graset

Den første meldinga om brannen kom like før klokka 23 laurdag kveld, og på kort tid stod fleire andre hus i fyr. Den sterke vinden feia med seg glør, og situasjonen kom raskt ut av kontroll.

Fleire hundre innbyggjarar på Lærdalsøyri vart evakuerte, mange vart att i gatene for å gjere det dei kunne.

– Det brann så mykje rundt om kring, så vi tok berre alt vi hadde og prøve det vi kunne, fortel Einemo.

Mange av dei som hadde evakuert hadde sett brannsløkkingsapparat sine ut på trappa, og dei vart fort tømde.

– Vi hadde ein som sprang for å hente inn sløkkjeapparat som vi brukte i sløkkinga. Men dei som ikkje hadde noko brukte det dei hadde, dei sprang rundt og trakka i graset for å sløkkje glørne som fauk rundt, seier Einemo.

– Korleis opplevde du situasjonen?

– Det var ganske dramatisk. Det såg ikkje ut til at vi fekk stoppa det, vinden var så kraftig og det kom glør frå mange hus. Som ein storm av glør, seier han.

– Det var så ekstremt

Først nesten to døgn etter at brannen starta har han fått tid til å tenkje på kva han har vore med på. Då fann han også videoen på telefonen sin frå då branninfernoet herja på sitt verste.

– Då det stod på som verst måtte eg berre få det på kamera. Det var så ekstremt, seier Einemo som vedgår at opplevinga var skremmande.

På videoen ser ein korleis heile himmelen over Lærdal er farga raud av flammar. Gneistane fyk rundt i lufta medan brannfolk og innbyggjarar febrilsk prøver å temme flammane.

– Det var då eg såg gjennom telefonen at eg innsåg kor mykje eg hadde filma…

– Det var heilt utruleg at det skulle brenne så mykje på så kort tid, seier Einemo ettertenksamt.

– Ein handla automatisk

Først i 08-tida søndag morgon kasta han inn handkledet. Då hadde han og andre naboar kjempa mot flammane sidan før midnatt.

– Vi heldt ein viss avstand så vi ikkje skulle utsette oss sjølve for fare. Men vi måtte berre gjere noko.

– Det var så mykje, og alt var ute av kontroll. Det var til at ein handla automatisk, og ein tenkte ikkje så mykje, fortel han.

Sjølv fekk Einemo flytte tilbake i huset sitt måndag. Huset hans er uskadd, medan nabohuset vart slukt av flammane.

Til saman 23 bygningar brann ned til grunnen, av desse var 16 bustadhus. Dei som budde der har ingenting å gå tilbake til. Brannvesen og politi har skildra det som flaks at det ikkje gjekk liv tapt.

– Tankane mine går til dei som har mista heimane sine, og vi er glade det ikkje gjekk liv, seier Einemo stilt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.