Hopp til innhold

Fair play-pris til Thingnes Bø

Skiskyttaren Johannes Thingnes Bø er stolt over å ha blitt tildelt den europeiske fair play-rørsla sin spesialpris for 2019, skriv NTB.

Stryningen er tildelt prisen for at han var ærleg i etterkant av jaktstarten under verdscupen i Soldier Hollow i februar.

Der skaut Thingnes Bø berre fire av fem skot på siste ståande skyting, og han blei nummer fire i rennet etter å ha gått sisterunden med eit skot i magasinet. I etterkant sa han sjølv frå til det internasjonale skiforbundet om episoden, og han sa også frå seg både verdscuppoenga og premiepengane frå rennet.

– Eg fekk beskjed om at juryen var avslutta og at resultata var offisielle, men eg måtte berre ta ansvar for det eg hadde gjort. Eg ville gå føre som eit godt eksempel og trekke meg sjølv frå lista, sa Thingnes Bø til NTB den gongen.

Tysdag mottok han utmerkinga som vinnar av fair play-prisen under ei tilskiping i Antholz i Nord-Italia. På Facebooksida si skriv Thingnes Bø at prisen betyr mykje for han.

– Å vinne pokalar for resultat er ein ting, men å vinne ein pris fordi eg har gått føre som eit godt eksempel for fair play, er for meg endå større, skriv skiskyttaren.

Johannes Thingnes Bø
Foto: NRK