Hopp til innhold

Færre tekne for høg fart i sommar

264 bilistar er stogga i fylket i for høg fart i løpet av juni og juli. 10 av dei som køyrde for fort fekk beslaglagt førarkortet. Det syner tal frå Utrykkingspolitiet.

UP - politi

MANGE KONTROLLAR: 4000 køyretøy har blitt stoppa av UP i Sogn og Fjordane i sommar. 246 bilistar har fått bøter på grunn av høg fart.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Terje Oksnes, UP

SJEKKAR SOMMARTRAFIKKEN: Leiar Terje Oksnes for Utrykkingspolitiet seier dei har hatt fleire ruskontrollar i sommar.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Samanlikna med dei andre delane av Vestlandet, er det færre som blir stogga for ulovlegheiter i Sogn og Fjordane.

Fleire ruskontrollar

Kring 4000 køyretøy er stogga av dei to patruljane som har vore i området i sommar. Kring 160 færre er blitt stogga for lovbrot i trafikken samanlikna med fjoråret.

Men leiar Terje Oksnes for Utrykkingspolitiet seier at ein ikkje kan seie at køyringa er blitt finare av den grunn.

– Vi har hatt fleire ruskontrollar enn fartskontrollar denne sommaren. Vi har stoppa seks førarar som har køyrt i rusa tilstand. Det er like mange som i fjor sommar, seier han.

Meir kontroll, mindre lovbrot

UP har til saman kontrollert 15.000 køyretøy på Vestlandet i juni og juli. 1350 har fått bøter for høg fart og 83 har mista lappen.

UP-sjefen seier det er mange fleire overskridingar per time med kontroll andre stader på Vestlandet.

– Så generelt ser det bra ut i Sogn og Fjordane. Når det gjeld denne sommaren, kan vi seie at vi har kontrollert fleire og reagert mot færre, seier UP-leiaren.

Til no i år har det vore tre alvorlege trafikkulukker i Sogn og Fjordane. Det er ein tredjedel av det som var tilfelle første halvår i fjor.

– Så langt i år har det vore få hardt skadde og ingen omkomne. Vi ser ei god utvikling når det gjeld alvorlege ulukker, seier han.