Dette er ein ørliten framgang i høve til valet for fire år sidan. Leiar Laila Schult i det Politiske likestillingsnettverket i fylkeskommunen, meiner at kvinnene sjølv har skuld i at likestillinga går så tregt.
-Det eg har merka meg i valkampen i fylket denne gong er at det er svært få kvinner som har delteke i den offentlege debatten. Dermed blir kvinnene på listene for lite kjende blant folk flest. Når folk står og skal stemme, så vel dei gjerne personar dei har høyrt om og som har fått folk si merksemd, og dette er som oftast menn, seier ho.
Har ein vanskeleg veg
Men Laila Schult konstaterer at dei kvinnene som vil opp og fram, sjeldan kjem lett til posisjonar. Som døme brukar ho nominasjonen i Vik Arbeidarparti, der Marta Finden Halset sikra seg førsteplassen, men ikkje utan motstand.
-Der hentar dei fram ein eldre kar frå tidlegare for å kunne konkurrere med den spreke dama som sa seg viljug til å ta fyrsteplassen. Når kvinner opplever slikt blir det ikkje noko attraktivt å ta slike verv heller, meiner ho.
Jølster er den einaste kommunen i fylket med fleire kvinner enn menn i det nye kommunestyret. Verst i klassen, som for fire år sidan, er Luster med fem kvinner blant 24 menn. Ordførarkandidat Inger Marie Evjestad har inga eintydig forklaring på den skeive fordelinga, men ho trur at kvinnene tek meir ansvar heime.
-Særleg i den perioden i livet ein har små born så trur eg kvinner prioriterar familien. Eg meiner at menn tek for lite ansvar i denne perioden også, seier Evjestad.
Målsetjinga til Laila Schult er like mange kvinner som menn i kommunestyra i Sogn og Fjordane, men leiaren i det Politiske Likestillingsnettverket i fylket er ikkje så veldig optimistisk.
-På spøk så brukar eg å seie at det ikkje kjem til å skje noko betring i mi levetid, og eg nærmar meg 60 år, seier ho.