Ap og Sp har flest ordførarar Harry Mowatt er ein av Ap-ordførarane.Arbeidarpartiet og Senterpartiet er vinnarane av ordførarvala i Sogn og Fjordane. Arbeidarpartiet har flest, med 11 ordførarar, medan Senterpartiet har ni.
Herstad held fram Jan Herstad, Senterpartiet, får fire nye år som ordførar i Naustdal. Harald Kvame, Høgre, vert ny varaordførar.
Ny ordførar i Luster Torodd Urnes frå Kristeleg Folkeparti blir ny ordførar i Luster, og Kjellfred Weum frå Senterpartiet ny varaordførar. Det vart dei borgarlege partia samde om i går kveld. Urnes blir dermed den første borgarlege ordføraren i Luster på 14 år.
Kvinnene styrer Jølster Jølsterordførar Gerd Dvergsdal får seg kvinneleg varaordførar.Kvinnene får dei politiske topp-posisjonane i Jølster den komande fire-års perioden.
Historisk FrP-varaordførar John Kåre Larsen frå Solund vart i går historisk. Larsen er den første varaordføraren for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane nokon sinne.
- Kvinnediskriminerande Tidlegar Ap-politikar Marit Lefdal (biletet) reagerer kraftig på at tredjekandidaten til Arbeidarpartiet på fylkestinget, Cecilie Løvlid, ikkje fekk plass i fylkesutvalet.
Mowatt gjekk forbi Harry MowattNordfjord sin 3. kandidat i Arbeidarpartiet i fylket får ikkje plass i det viktige fylkesutvalet, sjølv om ho ville ha den.
Mowatt held fram i Hyllestad Harry Mowatt frå Arbeidarpartiet held fram som ordførar i Hyllestad. Det vart klart etter at Arbeidarpartiet og Samlingslista vart einige i går kveld. Hans Emil Dale frå Samlingslista vert ny varaordførar.
Færre røysta i år 18 kommunar i fylket hadde dårlegare valdeltaking ved kommunevalet i år enn for fire år sidan. Seks kommunar hadde betre valdeltaking.