Hopp til innhold

«GPS-gjetar» gjer at færre lam dauar på beite

2013 vart eit nytt godt år med få beitetap for sauebøndene i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen trur forklaringa ligg i godt sauehald, ny gps-teknologi og at det er lite rovdyr.

Sau Sauer

FÅ BEITETAP: assisterande landbruksdirektør, Bjørn Harald Haugsvær hos Fylkesmannen seier gps-teknologi kan vere medverkande til at det er få tap av lam på beite.

Foto: Montasje / NRK

– No har vi fått tala frå 2013 og dei er nesten like gode som fjoråret. Det er vi godt fornøgd med. For det har vore ein merkbar framgang i forhold til korleis det såg ut tidlegare, seier assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær hos Fylkesmannen.

Etter nokre år med store lammetap, mellom anna grunna jerv, opplevde bøndene i 2012 dei lågaste tapstala sidan tusenårsskiftet. 5,4 prosent av lamma vende då ikkje heim frå beite.

No ligg tala også for 2013 føre, Dei viser at 2012 ikkje vart noko unntaksår. I Sogn og Fjordane er det rapportert inn eit samla beitetap på 5,5 prosent, mot 7,7 prosent på landsplan, melder Fylkesmannen si landbruksavdeling.

Nye gjetarar på plass

Det har tidlegare blitt etterlyst gammaldagse gjetarar noko som Haugsvær ikkje ser eit like stort behov for lenger.

– Vi er begynt å bruke dei elektroniske bjøllene som gjer at vi kan følgje dyra via GPS. Dette gjer tilsynet med dyra mykje lettare, fortel han.

For mange brukar no elektroniske bjøller. Dette er radiobjøller som går via satellitt eller mobilnettet.

– Eg vil seie at vi er på god veg til å få gjetarar for dette er ein moderne gjetar. Bonden vil kunne spore dette på datamaskina si på eit kart, og vil få varsel dersom dyret blir liggande i ro. Gjetaren er der, men det er ein ny type gjetar, fortel Haugsvær.

God innsats frå bøndene

Haugsvær trur hovudårsaka til dei låge tapa først og fremst er innsatsen kvar enkelt bonde gjer.

– Her vert det lagt ned godt arbeid som gjer at bøndene sender friske dyr til fjellet og får dei heim att om hausten. For det første får dei godt stell gjennom vinteren slik at dei er livsfriske når våren kjem. Vi har fått nokre nye medisinar som held snyltarane vekke, seier han.

Lite rovdyr

– Årets tal seier at det har vore ein god beitesommar med lite rovdyr, med unntak av Leikanger kommune. Her var det ein jerv som gjorde store innhogg i to flokkar, men elles har sauen stort sett fått gått i fred og det er vi veldig glade for, seier Haugsvær.

Tidlegare har dei største tapa vore på kysten og i 2013 er det framleis her dei har dei største tapa.

– Men kysten har kome seg. Vi er vande med at Selje, Bremanger og Vågsøy ligg høgt. Dei har skogsbeite og lyngbeite der det er meir flott, flugemark og kongeørn som tek lam. Men også her ser vi at det har betra seg, seier Haugsvær.

Flest lam er rapportert tapt på beite i Vågsøy, mens Vik har færrast