Hopp til innhold

Framleis svikt i talet på europeiske turistar, men fleire asiatar og nordmenn veg opp

Dei europeiske turistane sviktar hotella i fylket, samanlikna med tidlegare år. Samstundes kjem turistar frå andre verdsdelar til fylket.

Endeleg kom sommaren til Briksdalen og Oldedalen med sol, varme og masse turistar.

FLEIRE ASIATAR: medan Det er færre europeiske turistar aukar det på med asiatar, her på tur til Briksdalsbreen.

Foto: Anitha Kvamme

Hotella melder om betre resultat enn i fjor så langt i sommar. Bransjesjef Wenche Salthella i NHO reiseliv Vest-Norge merkar seg at sesongen har byrja godt.

– Etter dei meldingane eg har fått ser det positivt ut. Eg opplever at det er optimisme i næringa i sommar.

Richard Grov

AUKE PÅ ÅTTE PROSENT: Richard Grov ved Hotel Alexandra.

Foto: privat

Auke i Loen og Balestrand

Hotella i fylket melder om gode besøkstal. Direktør Richard Grov ved Hotel Alexandra i Loen melder om ein auke både i besøkstal og omsetnad.

– Belegget vårt har gått opp med cirka åtte prosent i juni samanlikna med i fjor, og omsetnaden har auka meir enn det.

Hotelldirektør Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotel i Balestrand opplever den same tendensen.

– Fram til 1. juli har vi auke i trafikken, både av nordmenn og utlendingar, så det ser bra ut.

Europearane uteblir

Samstundes går talet på turistar frå Europa ned ved dei fleste hotella, og Kvikne merkar seg at turistar frå fleire nasjonar sviktar.

Balejazz

MELDER OM AUKE: Sigurd Kvikne på Kviknes Hotel.

Foto: Lars Jonas Pedersen (lars@gang.no)

– Det eg synest er mest negativt er at tilstrøyminga av turistar frå land som Tyskland, Frankrike, Spania og Italia framleis er i negativ utvikling på hotellsida hjå oss.

Salthella i NHO reiseliv meiner dette kan vere etterverknader av finanskrisa, men meiner den norske krona kan vere med på å endre tendensen.

– Vi har over ein periode hatt harde økonomiske tider i Europa, og det har hatt innverknad på reisebudsjetta til dei europeiske marknadene. Men vi har tru på at vi får hjelp av den svekte norske krona i år.

Hotella får besøk av turistar frå nye marknader, og Kvikne peikar både til aust og vest.

– Det er hyggeleg å konstatere at den amerikanske marknaden er i vekst. Også den asiatiske marknaden veks.

Knut Lindstrøm

FLEIRE NORDMENN: Knut Lindstrøm på Lindstrøm Hotel.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fleire kinesarar og nordmenn

Direktør Knut Lindstrøm ved Lindstrøm Hotel i Lærdal merkar seg også den asiatiske auken, men han ser og at fleire ferierer i eige land.

– Det har vore tilfelle i fleire år at det er asiatar og nordmenn som reiser. I år har det vore auke i talet på kinesarar og nordmenn.

Salthella meinar hotella må satse på den individuelle turisten for å tene pengar.

– Det vi helst vil ha er den individuelle turisten, dei som reiser åleine. Dei legg att meir pengar enn dei som kjem gruppevis. Men eg får dessverre meldingar som tyder på at dei individuelle turistane sviktar litt.

Salthella hevdar at hotella må tilby meir enn seng og frukost for å lokke til seg den individuelle turisten.

– Det vi ser er at det er veldig viktig å knyte opplevingar til overnattingstilbodet.