Hopp til innhold

Meiner omfattande PR i Asia, USA og Russland har gjort Flåmsbana til ein suksess

Omfattande marknadsføring i Asia, USA og Russland er den viktigaste grunnen til suksessen for Flåmsbana. Det seier administrerande direktør i Flåm Utvikling, Sivert Bakk.

Sivert Bakk

VERDT KVAR KRONE: Administrerande direktør i Flåm Utvikling, Sivert Bakk, seier marknadsføringa er verdt kvar krone.

Foto: Bård Siem / NRK

Flåmsbana har hatt eit samla overskot på 300 millionar kroner dei siste ti åra. I år er det budsjettert med sju millionar kroner til marknadsføring.

– Flåm Utvikling har alltid hatt eit høgt sal- og marknadsbudsjett. Det er heilt klart suksessfaktoren vår, seier Bakk.

Flåmsbana i Aurland hadde 720.000 passasjerar i 2013, noko som er ny rekord og ein auke på 13 prosent frå året før.

Hadde omsetnad på 109 mill. i fjor

Også økonomisk går det så det susar for den spektakulære bana som slyngar seg oppover den bratte fjellsida til Myrdal på Bergensbana.

Medan omsetninga låg på i underkant av 50 millionar og driftsresultatet var på åtte millionar for 10 år sidan, var omsetninga kome opp i 109 millionar og overskotet var på 53 millionar i fjor.

På dei ti siste åra er det samla overskotet på svimlande 300 millionar kroner. Omfattande marknadsføring har vore heilt avgjerande for den kraftige innteninga, seier Bakk.

– For 2014 har vi eit budsjett på seks-sju millionar kroner på sal og marknadsføring. Vi reiser til Asia tre-fire gonger i løpet av året, vi er i Brasil og USA, vi er på alle messer i Europa og Russland. Vi må vere der kunden er og fortelje om Flåm og Flåmsbana, seier Bakk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sivert Bakk

OPPTUR: Administrerande direktør i Flåm Utvikling, Sivert Bakk, fortel at Asia er sterkast representert blant dei reisande med Flåmsbana.

Foto: Bård Siem / NRK

Var først i Russland

Han peikar på at det å vere tidleg ute for å nå nye kundar, er viktig.

– Det å vere først i nye marknadar har vore svært viktig. Viss vi ser på Russland, så var Flåmsbana dei første som var der og deltok på messe. Det såg vi spesielt i finanskriseåra i 2008 og 2009, då hadde vi veldig mange russarar her. Det gjorde at Flåmsbana ikkje fekk den nedgangen som resten av reiselivet gjorde, seier Bakk.

Og nettopp russarar var det fleire av på Flåmsbana i går.

– Det er veldig vakkert, nydeleg utsikt og flotte fjell og elvar, seier ein turist entusiastisk.

Har flest turistar frå Asia

Den sterke satsinga på den asiatiske marknaden har vore aller viktigast.

– Deltakinga vår i Asia dei siste 15 åra har betydd utruleg mykje for oss, seier Bakk.

Ser ein på kva nasjonar turistane i Flåm kjem frå, skil Asia seg ut som den klart største verdsdelen.

– Kina, Japan, Taiwan og Korea er veldig store, seier Bakk.

Avtalen mellom dei lokale reiselivsintressene og NSB gjekk ut av utgangen av 2012, og det var ein langvarig dragkamp om korleis det nye avtalen skulle bli.

Både NSB og det lokale reiselivet ville ha mest mogleg ut av pengemaskinen Flåmsbana.

(Artikkelen held fram under biletet)

Turistar på Flåmsbana

NYT TUREN: Dette paret frå Sverige meiner naturen ein kan sjå frå Flåmsbana er i ei klasse for seg.

Foto: Bård Siem / NRK

Positivt å ha NSB med på laget

Det enda med at NSB kjøpte opp halvparten av selskapet Flåm Utvikling som driv Flåmsbana. Dette er ein avtale som er god, både for det lokale reiselivet i Flåm og for NSB, meiner Bakk.

– Slik avtalen er no, er det veldig positivt for Flåm og Flåmsbana at NSB er komne med på eigarsida, seier Bakk.

Han peikar på at det forpliktar NSB i å delta i produktutviklinga.

– Vi kan bruke NSB sin kompetanse på togmateriell, og den biten der er veldig positiv, seier Bakk.

Av overskotet tok eigarane ut eit utbyte på 29 millionar kroner i fjor. Dette vart delt likt mellom NSB og dei lokale reiselivsinteressene.

– Det er rett. Det blir delt på inntekter og utgifter, seier Bakk.