Det er påstandar frå ei handfull skotske oppdrettarar som gjer at EU-kommisjonen no startar dumpingundersøkingar.
Oppdrettsnæringa har levd med slike skuldingar i 15 år, seier Per Dag Iversen i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening.
Avhengige av norsk laks
Samtidig gjer fiskeridepartementet det dei kan for at tiltaka skal skade oppdrettsnæringa minst mogeleg. Reaksjonen frå EU kan bli alt frå straffetoll og minstepris til importkvoter på norsk laks. Men det finst også motkrefter i EU. Danske styresmakter har rekna ut at 100.000 arbeidsplassar i Europa er avhengige av norsk laks.
Merkar konsekvensane
Ola Braanaas seier dei norske oppdrettarane allereie har merka konsekvensane av denne saka. Som eit mellombels tiltak er det innført ei importkvote, når den er fylt opp blir det 18 prosent toll. Braanaas meiner at ein straffetoll på 25 prosent vil vere øydeleggande for laksenæringa, og at Chile då vil overta posisjonen som den leiande oppdrettsnasjonen i verda.