Laksenæringa fryktar at EU har manipulert tala i undersøkinga av 10 norske lakseoppdrettarar, seier administrerande direktør i Coast Seafood i Måløy, Sverre Søraa.
Dumpingsak berre mot Noreg
Det er nettstaden Intrafish som i dag skriv at Europakommisjonen føreslår ein straffetoll på 16% mot norsk laks. EU meiner Noreg dumpar billeg norsk laks inn på den europeiske marknaden til kunstig låge prisar. Dumpingsaka går berre mot Noreg og går parallellt med saka om vernetiltak mot all eksport av laks til EU.
EU har sjekka 10 oppdrettarar
EU-kommisjonen har undersøkt kostnads- og prisbiletet hos 10 norske oppdrettarar. Tydelegvis meiner kommisjonen dei har bevis for at norsk laksenæring dumpar laks i EU, og skal diskutere straffetiltak på eit møte i dag.
Tvilar på bevisa
Men Søraa som leiar Referansegruppa for laks og aure som forhandlar med kommisjonen trekkjer bevisa i tvil, særleg med bakgrunn i dumpingsaka mot norsk aure, der bakgrunnen for undersøkinga aldri vart offentleggjord.