Torskeoppdrett er på veg til å ta seg opp, men er framleis ein veslebror i høve til lakseoppdrett. Sjølv om Fiskeridirektoratet stadig deler ut fleire torskekonsesjonar, er det framleis berre gitt 29 konsesjonar for torsk, mot over 80 for laks her i fylket. Ein viktig grunn er at torskeoppdrett i mange år har vore belemra med problem knytt til fiskehelse.
Sjukdom
- Torskeoppdrett slit tilliks med lakseoppdrett med parasittar og bakteriesjukdommar, så også denne næringa må byggast opp med gode vaksinar, seier Hovland.
Men Hovland meiner torskeoppdrett no er på veg ut av den mangeårige prøvefasen. Den stigande interessa tyder på det:
- Eg trur det nærmar seg at vi kan kalle det ei kommersiell næring.
Og gode prisar, kring 30-40 kroner per kg, hjelper til:
- God økonomi lokkar folk til å prøve dette, meiner Hovland.