Hopp til innhold

Etterlyser ein meir audmjuk fylkesrådmann

LEIKANGER (NRK): – Fylkesrådmann Tore Eriksen burde vore meir audmjuk då han møtte i Kontrollutvalet for å svare på kritikken om sviktande innkjøpsrutinar.

Fylkesrådmann Tore Eriksen

FORKLARTE OM SAKA: Fylkesrådmann Tore Eriksen var lite villig til å ta sjølvkritikk under møtet i Kontrollutvalet.

Foto: Bård Siem / NRK

Dette var den samstemte haldninga frå medlemmene i Kontrollutvalet som heldt møte på Leikanger i dag.

Bakgrunnen for saka er ein forvaltningsrevisjon utført i tidsrommet 1. desember 2015 til 31. mars 2017 som avdekte omfattande svikt og fleire regelbrot i det fylkeskommunale innkjøpsarbeidet. Av totalt 26 anskaffingar fann revisjonen manglande konkurranseutsetjing i åtte av dei. Det var manglande dokumentasjon i ni anskaffingar.

Åtvara mot å generalisere

Under møtet i Kontrollutvalet viste både innkjøpssjefen og økonomidirektøren til låg bemanning som ei viktig årsak til dei sviktande innkjøpsrutinane. På direkte spørsmål stadfesta dei at dei hadde påpeika at bemanninga på innkjøpsavdelinga var for låg overfor fylkesrådmannen.

– Det er gjennom stikkprøver avdekt feil, noko som skjer både hos oss og hos andre. Men ein kan ikkje generalisere og seie at denne type feil er gjennomgåande i fylkeskommunen, sa fylkesrådmann Tore Eriksen til NRK like etter at han var ferdig i møtet i Kontrollutvalet.

Fylkespolitikarane hevdar du ikkje har orientert dei om svikten i innkjøpsarbeidet. Kvifor har du ikkje orientert dei?

– Eg har orientert politikarane på generelt grunnlag om at kutt i sentraladministrasjonen vil få ressurs- og kompetansemessige konsekvensar. Men kvar gong vi ser eit problem kan vi ikkje klage til politikarane. Dersom du gjer det sit du ikkje lenge som fylkesrådmann. Eg har tenkt å halde fram i stillinga.

Rapporten avdekkjer fleire feil og lovbrot. I kva grad visste du om lovbrota?

– Eg visste sjølvsagt ikkje noko om lovbrota. Då hadde ikkje dette skjedd.

Men kva er årsaka til lovbrota?

– Fylkeskommunen jobbar gjennom rammeavtalar som skal regulere innkjøpa våre. Vi manglar mange rammeavtalar, noko som er grunnen til at fleire av innkjøpa våre har vore ulovlege.

Hadde forventa meir sjølvkritikk

Frank Willy Djuvik

SKUFFA: Leiar i Kontrollutvalet, Frank Willy Djuvik (Frp), hadde forventa ein meir audmjuk fylkesrådmann då han svara på spørsmål om svikten i innkjøpsrutinane.

Foto: Bård Siem / NRK

Alle som tok ordet etterlyste ein meir audmjuk fylkesrådmann etter at han var ferdige med orienteringa si. Ein av dei var leiaren i Kontrollutvalet, Frank Willy Djuvik (Frp).

– Ein har over lengre tid vore klar over at ein har hatt for dårleg kapasitet til å kunne følgje lover og reglar i innkjøpsarbeidet. Fylkesrådmannen har ikkje teke dette tilstrekkeleg på alvor. Han har heller ikkje orientert det politiske nivået om at ein bryt lovar og reglar, sa Djuvik.

– Fylkesrådmannen har i liten grad vore villig til å ta inn over seg alvoret i saka, sa Klaus Iversen (V).

Han viste til at fylkeskommunen gjer innkjøp for store summar kvart år og at feil kan få alvorlege konsekvensar.

Skjerpa kritikken

Det enda med at Kontrollutvalet la til ei formulering som skjerpar kritikken mot fylkesrådmannen. I det samrøystes vedtaket går det mellom anna fram at Kontrollutvalet ser alvorleg på avvika som har kome fram i revisjonen. Kontrollutvalet meiner også at fylkesrådmannen ikkje har orientert politikarane på ein tilstrekkeleg måte.

Tore Eriksen seier til NRK at han ikkje vil kommentere det som kom fram i Kontrollutvalet etter at han hadde halde si orientering. Han reknar med at desse spørsmåla kjem opp i fylkestinget og at han vil svare på dei der.