Hopp til innhold

Er Sogndal framleis like rotete 26 år etter?

Sogndal sentrum har fått kritikk for å vera rotete på fleire medium i løpet av 30 år. Har det vorte betre?

Sogndal Fossetunet

PÅ TUR I 1988: Anders Hjengesand og Hermund Fardal på kveldstur i Fossetunet i Sogndal i 1988. Gyngestolen er eit artistisk element frå fotografen. Korleis ser det ut i dag? Sjå bilete lenger nede.

Foto: Oddleiv Apneseth / Bergens Tidende

I reportasjen frå Jan Nyberg i BT frå 1988, som kom med krass kritikk av både Førde, Stryn og Nordfjordeid, vert heller ikkje Sogndal spart.

Saftbygda vart kalla avskrekkande og fantasilaust.

– Det har kome seg mykje, då, seier Bjørg Rimeslaaten, etter å ha lese høgt frå reportasjen.

Ho var i 1988 lærar på vidaregåande skule i Sogndal og nettopp ferdig med ein periode som ordførar.

Høyr radioreportasjen om Sogndal.

Sogndal har fått gjennomgå

Bjørg Rimeslaaten

VORTE BETRE: Sentrum har vorte betre, meiner Bjørg Rimeslaaten, tidlegare ordførar i Sogndal kommune.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Sogndal har fått gjennomgå fleire gonger for stilen i sentrum. Ottar Starheim, tidlegare distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, laga eit program i 1996. Då sa han dette:

«Få stader her i fylket kan vel oppvise ei så vilter, og kanskje litt uryddig, blanding mellom dei ulike bygningsepokane fram gjennom tida som tettstaden Sogndal. Her er det gamalt og nytt, betong og sirleg treverk om ein annan bortover gata her vi står.»

NRK P1 laga eit program om byggeskikken i Sogn og Fjordane i 1982. Det høyrdest slik ut:

«Mange av tettstadane våre er prega av eit svært blanda bygningsmiljø. Gamle og nye hus ligg i heilt ulik stil ligg side om side. Sogndal er ein av desse stadane der ein må kunne seie at sentrumsområdet ser noko rotete ut.»

Og Jan Rolf Loftesnes i sentrumsforeininga i Sogndalsfjøra var i 1982 svært direkte: «det er vel ikkje akkurat så fint at det gjer noko».

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal Fossetunet

I DAG: Slik ser det ut på Fossetunet i Sogndal i dag.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Ny park, nye moglegheiter

NRK møter tidlegare ordførar Bjørg Rimeslaatten i parken i Sogndal som opna i 2009. Midt i ligg eit gamalt trehus med kafe i første etasje. Under samtalen kan ho observere eit tjuetals personar og forbipasserande med barnevogner eller spaserstokk som stoppar opp og slår av ein prat med kjentfolk.

– Parken vart jo vedteken ganske tidleg. Men det var veldig bra at ein såg fordelane med å bevare huset, og fekk det inn i oppgjeret med det private. Ein ser jo no her kor mykje liv det blir rundt huset, seier Rimeslaaten.

Mannen som skreiv reportasjen i Bergens Tidende i 1988, Jan Nyberg, tykkjer Sogndal framleis har mykje å gå på.

Jan Nyberg

MANNEN MED PENNEN: Jan Nyberg var ikkje nådig mot Sogndal i 1988, og meiner det framleis er mykje å jobbe med.

Foto: Helge Johnsen

– Ja, altså eg budde i Sogndal for nokre få år sidan. Eg budde nede i det historisk, gamle sentrum, og det var dessverre frykteleg daudt. Eg håpar at planleggarane, kommuneadministrasjonen og politikarane i Sogndal ser verdien av å opne sentrum mot sjøen.

– Det trur eg også vil skape meir liv i sentrumsmiljøet i Sogndal, seier Nyberg.