Hopp til innhold

For 26 år sidan vart Stryn kalla «prærielandsby» - har dei kvitta seg med stempelet?

«Fagert er det i alle fall ikkje». Det skreiv Jan Nyberg i Bergens Tidende om Stryn for 26 år sidan. Det skulle bli starten på ei fornying av sentrum.

Stryn no og Stryn for 26 år sidan

16. JULI 2014–16. JULI 1988: Etter at Oddleiv Apneseth tok biletet til høgre i 1988 til Jan Nyberg sin reportasje, tok Stryn grep.

Foto: Oddleiv Apneseth/BT / Torbjørn Selseng / NRK / MONTASJE

Den same reportasjen som sette Førde på versting-lista i landet, gav også Stryn knallhard kritikk.

Stryn juli 1988

1988: Slik såg det ut i Stryn 16. juli 1988.

Foto: Oddleiv Apneseth / Bergens Tidende

«Det som etter seiande skal vera den største turistkommunen på Vestlandet har fått eit sentrum som kan skremme vatnet av sjølv den mest venlegsinna norgeselskar. Hovudgata er som ein moderne prærielandsby, oppført for å vera kulissar i ein westernfilm i «bad taste»-sjangeren.

Det som er att av gamalt bygningsmiljø i sentrum, pustar tungt og besværleg mellom preglause betongkonstruksjonar og firkanta sjarmløyse.»

Dette skulle bli starten på ei fornying av Stryn sentrum.

– Han hadde nokre viktige poeng

– Det er langt ifrå prærielandsby i dag i alle fall. Men han hadde ein del viktige poeng i det han skreiv i 1988. Det sette det med miljøet i Stryn på dagsorden, og det førte fram til at me fekk ei miljøgate i Stryn, seier Jon Rasmus Langeseth Vik.

Han er ein av dei som sette kaffien i halsen då han opna BT ein sommardag i 1988. Mykje har skjedd sidan då.

Læraren og lokalhistorikaren ser med det eine auget på ei utskrift av det bilete Oddleiv Apneseth tok for BT for 26 år sidan og det andre på Stryn sentrum i dag.

Høyr radioreportasjen.

Stryn 16. juli 2014

2014: Slik såg det ut i Stryn 16. juli 2014.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Me har fått eit designmiljø som syner att i gata her: Rosa traktor, me har teke i bruk gamle, raude uthus til salsbuer, fått ei opprusting av bygningsmiljøet, fått mjukare trafikk, trer i hovudgata, fått ned farten ...

– Ja, bevares, Stryn var kanskje den første bygda som tok eit solid grep, seier Jan Nyberg, mannen men den sylskarpe pennen som for 26 år sidan gjorde Stryn merksame på at noko måtte gjerast.

– Har gjort noko rett

– Ikkje minst tok dei grep med hovudgata i sentrum. Dei fekk status som miljøgate, noko dei har utnytta på ein bra måte. Det som dei også har gjort bra i Stryn, er at dei har fortetta sentrum veldig mykje. Eg syns Stryn har vore ganske flinke med å få til eit samansett sentrumsmiljø, både bustader og næringsbygg, som gjer at det er liv i sentrum etter butikkane sine opningstider, seier Nyberg.

Sjølv om kaffien vart sett i halsen for Langeseth Vik då han las artikkelen i 1988, har det kome noko godt ut av den, meiner han

– Summa summarum så kom mykje av dette på grunn av den nokså kritiske artikkelen til Jan Nyberg, avsluttar han.