Debatten gjekk direkte i lokalsendinga til NRK Sogn og Fjordane. Temaet var kommunereforma, og då kom Djuvik med denne breisida mot politikarane i Luster, som ikkje vil ha samanslåing med andre kommunar:
Her kan du høyre det Djuvik sa:
- Les også:
– Så feil som det kan bli
Kvalen var ikkje til stades i Florø og fekk ikkje høyrt debatten, men han har fått referert det Djuvik sa.
– Dette var sikkert sagt i ein oppheta situasjon med mykje publikum rundt. Eg synest det er trist og leitt at ein såpass profilert fylkespolitikar kjem med så feilaktige karakteristikkar av andre.
– Kva er det som er feil?
– Eg kan nok definerast som middelaldrande, men at vi er ein gjeng som tenker berre på oss sjølve er så feil som det kan bli. Vi er opptekne av å utvikle lustrasamfunnet til det beste for dei som bur her. Og så har vi eit ungt kommunestyre i Luster, det er vel det yngste nokon gong.
– Og skjegg har iallfall ikkje du?
– Nei, eg prøver å barbere meg kvar morgon.
Ivar Kvalen konstaterer at han og Frank Willy Djuvik ikkje er på linje i spørsmålet om kommunesamanslåing.
– Eg lever godt med at vi er usamde om måten regjeringa har lagt opp kommunereformløpet på. Eg meiner at ein god del av det regjeringa legg opp til er feil, og prosessen har vore dårleg.
– Arne Johannessen bør kjenne seg treft
Frank Willy Djuvik seier Kvalen har rett i at det han sa var ei spissformulering i ein oppheta debatt.
– Men realiteten er den same. Ikkje berre Luster, men mange andre kommunar har politikarar som ikkje tek innover seg dei framtidige behova for tverrfaglege, spesialiserte tenester. Dei tenker heller på kortsiktige politiske gevinstar.
Når Djuvik i debatten snakka om «middelaldrande menn med skjegg» var det ikkje Ivar Kvalen han sikta til.
– Av politikarane i Luster kjenner eg berre til Arne Johannessen med skjegg. Han bør absolutt kjenne seg treft.
– Til å le av
Arne Johannessen er ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Luster, men er ikkje med i kommunestyret i inneverande periode og har følgjeleg ikkje vore med på dei vedtaka som er gjort om kommunereforma. Dermed meiner han at Djuvik bommar litt på målet.
– Som ofte før bommar han. Men eg ser på det han sa som ei morosam utsegn som berre er til å le av. Eg skjønte fort at eg var i søkelyset, eg har skjegg, og eg er middelaldrande.
Men han gir Djuvik rett i at Johannessen og Arbeidarpartiet i Luster har teke eit standpunkt mot kommunesamanslåing.
– Vi meiner det er best for innbyggjarane i Luster at kommunen ikkje blir slegen saman med andre. Men det betyr ikkje at vi er oss sjølve nok. Vi vil samhandle meir med nabokommunane.
– Sleivete av Djuvik
Når det gjeld kritikken av politikarane i Luster får Djuvik heller ikkje mykje støtte frå sin eigen partifelle i kommunestyret, Ernst Veum.
– Dette var ei sleivete bemerkning som eg trur han angrar på etterpå. I Luster er det brei semje om kommunereforma, med litt nyansar for Høgre og Frp. Det er lustringane og ikkje Djuvik som skal ta stilling til framtida for kommunen, han bør ikkje blande seg. Frp i Luster har sitt eige opplegg, uavhengig av kva Frank Willy måtte meine, seier Veum.