NRK Meny
Normal

Enorme rovdyrtap: - Verste dyretragedia nokon sinne

Aldri før har sauebøndene i fylket opplevd å misse så mange dyr på beite i løpet av sommaren. Herjingane til jerv og ulv i fleire delar av Sogn og Fjordane er årsaka.

Rekordstor rovdyrerstatning i Sogn og Fjordane

TAP: Ivar Molde er ein av mange bønder i fylket som har søkt om erstatning etter å ha tapt fleire dyr på beite enn nokon gong før.

– Eg har mista 76 dyr. Det er den mest fortvilande situasjonen eg har vore oppe i, fortel sauebonde Ivar Molde i Lærdal.

Han er ikkje åleine om å skildre ein vanskeleg sommar, der over 1700 dyr på beite aldri kom heim til fjøsen sin.

– Det er den verste dyretragedien nokon sinne. Eg hadde ikkje trudd det skulle bli så ille som det vart, seier bonden.

I Lærdal og Årdal har jerven sine herjingar vore verst, der har bøndene søkt om erstatning for 595 dyr på grunn av jerv.

– Vi gjev erstatning for 99 vaksne og 760 lam på grunn av jerv i fylket. Det er mykje meir enn normalt, seier Hermund Mjelstad, seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Ulven har gjort stor skade

I Naustdal har ein denne sommaren hatt ein ulv luskande rundt på beiteområda. Det har skremt både folk og fe, og også påført bøndene i området store tap. Der er det søkt om erstatning for 204 dyr på grunn av gråbeinen.

– Det blir gjeve erstatning for 49 sauer og 109 lam på grunn av ulv. Det er heilt unormalt. Totalt betaler vi ut over 3 millionar kroner i rovdyrerstatning i år, det er ein formidabel auke, seier Mjelstad.

Sau drepen av jerv i Luster

STORE TAP: Sauebøndene i Sogn og Fjordane har opplevd enorme tap av dyr i løpet av årets beitesesong.

Foto: Statens Naturoppsyn

Siste toppnotering for utbetaling var i 2009 då det var utbetalt kring 1,8 millionar kroner.

Meiner det berre finst ei løysing

Frustrasjonen hjå sauebøndene har vore stor denne sommaren, og det kan styresmaktene forstå. For i Sogn og Fjordane skal det ikkje vere rovdyr som ulv og jerv, og det er gjeve fellingsløyver.

– Straks det er sporsnø, så må ein sette i gong jakta. Jervestamma er uhaldbart stor, og det kan få katastrofale følgjer for neste beitesesong, seier leiar i rovviltnemnd region 1, Noralv Distad.

Truleg blir det sett i gong helikopterjakt etter jerven så snart snøen har lagt seg i fjella.

– Det skal vi definitivt gjere. Det er særleg i skadeområdet i Sogn og Fjordane, mellom Lærdal og Årdal, seier Terje Bø, seksjonsleiar rovvilt i miljødirektoratet.

Og det er einaste medisinen som vil fungere, trur bøndene.

– Området må tømmast for jerv, av staten. Og det må skje no, understrekar Molde.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser