Hopp til innhold

Engebøsaka deler Askvoll

ASKVOLL (NRK): I ein kommune med stor semje i dei fleste saker, kan striden om sjødeponi i Førdefjorden bli viktig i årets valkamp.

Askvoll rådhus

VAL: Kven skal styre Askvoll den neste perioden?

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Vallogo

– Eg står veldig støtt på det standpunktet eg tok i 2011. Utgreiingane som kom i etterkant har berre gjort meg sikrare, seier ordførar Frida Melvær (H) som er ein tydeleg forkjempar for Nordic Mining sine planar om gruvedrift og sjødeponi i Naustdal.

Sterke meiningar om sjødeponi

Ho kom inn som ordførar etter Høgre sitt brakval i kommunen i 2011, då dei tredobla oppslutnaden, frå 11 prosent til 30 prosent. Så spørst det om ho klarer å halde på oppslutnaden. Etter at Høgre kom inn i regjering for to år sidan, har partiet hennar måtte tole mykje kritikk for å føre ein distriktsfiendtleg politikk med mange sentraliserande reformer. Og Engebøsaka er altså ikkje død.

Frida Melvær

STILLER IGJEN: Frida Melvær vil gjerne halde fram som ordførar i Askvoll.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Sjølv om Askvoll kommune gjorde sitt vedtak allereie før førre val, er dette ei sak som kjem opp att, det har vi jo sett no i sommar.

Og det er tydeleg at askvollingane NRK møter på gata har sterke meiningar om saka. For nokre vert det også den saka som vert avgjerande for partivalet.

– Det vert Venstre, absolutt. Dei er imot sjødeponiet. Vi får jo det rett over fjorden her, og det har vi ikkje lyst på, seier ei ung kvinne NRK møter i Askvoll.

Venstre kan vinne på deponimotstanden

For ettersom MDG ikkje har etablert seg i kommunen så langt, står valet mellom SV og Venstre, som er dei partia som har markert seg mot sjødeponi. Venstre har tradisjonelt stått sterkt i kommunen, og ordførarkandidat Gunnar Osland trur at dei kan vinne nye stemmer på saka.

Gunnar Osland

ORDFØRARKANDIDAT: Gunnar Osland tar ein kikk på det rykande ferske valprogrammet til Askvoll Venstre.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Ja, det trur eg vi vil gjere. Det er mykje motstand i kommunen. Eg opplever det slik at denne motstanden er stigande, etter kvart som det kjem fram kva dette dreiar seg om, kor omfattande mengder som skal ned i fjorden, seier Osland, som understrekar at han ikkje er mot gruveplanane i seg sjølve, men at massane skal deponerast i fjorden.

KrF er også imot, men har i år ikkje klart å stille liste til valet. Osland er usikker på konsekvensane av at partiet dei har pleidd å samarbeide med ikkje er med i kampen om kommunestyreseta.

– Det er vanskeleg å seie. Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med dei denne perioden. Mykje vert avgjort etter valet, når det gjeld kven som kjem til å samarbeide. Kvar dei veljarane vil gå er vanskeleg å seie. At nokre av dei går til oss det håpar og trur vi på.

Askvoll rådhus

VAL: Kven skal styre Askvoll den neste perioden?

Foto: Gunnhild Årdal / NRK