Hopp til innhold

Endeleg scora (kanskje) kapteinen

SOGNDAL-STRØMMEN 3-2 (NRK): Like etter pause i den høgdramatiske kampen mot Strømmen scora Rune Bolseth sitt første mål på over to år. Eller?

Super-Ruben vart helten mot Strømmen

VIKTIG SIGER: Ruben Holsæter jublar for den avgjerande 3–2 scoringa to minutt før full tid. Men det alle lurer på etter kampen er om Rune Bolseth endeleg fekk nettkjenninga han har venta på.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Situasjonen oppstod i det 52. minutt av kampen. Etter flipperspel i feltet gjekk Sogndal opp til 2–0. Målet vart av speaker på stadion kreditert Rune Bolseth, men med ein viftande peikefinger signaliserte kapteinen at han ikkje hadde vore borti ballen.

Etter kampen har pipa fått ein annan lyd.

– No er det så mange som har sagt at eg scora, så då får eg høyre på dei, seier Bolseth.

(Artikkelen held fram under bilete og kampreferat)

Bakke smiler etter 3-2 mot Strømmen

EIT STOR SMIL: Trenar Eirik Bakke smiler etter tre viktige poeng mot Strømmen. Sigeren betyr at laget framleis toppar tabellen med seks poeng til gode på Kristiansund og Brann.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK
Laster innhold, vennligst vent..

– Det har irritert meg litt

Etter kampen opplyser dommar Sigurd Smehus Kringstad at Bolseth førebels har fått målet, men at dei vil sjå situasjonen på video før det blir avgjort. Viss det blir ståande er det Bolseth si første scoring sidan 24. august 2013.

Holsæter jublar for scoring

FRISKT INNHOPP: Ruben Holsæter trengde berre eit kvarter på å presentere seg med både scoring og friske takter etter det lange skadeavbrotet.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Det er så lenge sidan at det nesten er skandale. Det har irritert meg litt, sjølv om rolla mi på laget ikkje er å vere framfor mål. Men eg bør score oftare når du må tilbake til 2013 for å finne sist nettkjenning, seier Bolseth.

Frå Otoo sitt halvfarlege hælspark etter 61 minutt, til det stod att to minutt av kampen, hadde ikkje Sogndal produsert ein einaste sjanse. I mellomtida hadde Strømmen redusert to gonger og det såg mørkt ut for tre poeng.

Så dukka Ruben Holsæter opp på bakarste stolpe og heada inn 3–2 to minutt før full tid. Førdianaren har slite med ein skade i hofta nesten heile sesongen, men var frisk då han kom innpå.

– Det er utruleg kjekt for Ruben. To økter om dagen i treningsstudio kan bli seigt i lengda. Han har jobba hardt og fortener dette. Det var herleg å sjå den gå i mål, seier Bolseth.

Fekk løn for tallause timar i styrkerommet

– Det var heilt fantastisk å komme innpå og bidra på den måten. Og ikkje minst at vi fekk tre poeng, seier helten sjølv.

Målet kom etter eit fint raid og ei flott pasning på bakarste stolpe av Taijo Teniste. Holsæter fekk ikkje akkurat klem på headinga og både stadion og målscoraren heldt pusten då ballen humpa sakte mot målstreken.

Spelarane takkar fansen for kampen

JUBEL PÅ FOSSHAUGANE: Sigeren satt langt inne, men etter kampen kunne spelarane juble for tre poeng.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Ballen trefte meg i nasen, så eg fekk ikkje noko kraft i headinga. Men den går inn, det er det viktigaste, seier Holsæter.

Etter lang opptrening og nokre innhopp i dei siste kampane meiner Holsæter sjølv at han er nær toppnivået. Eit mål betyr mykje for sjølvtilliten før dei avgjerande fem kampane som står att.

– Det betyr utruleg mykje å endeleg få litt løn for strevet. Det er slike augneblink du tenkjer på når du kjedar deg i styrkerommet, seier Holsæter.

Laster innhold, vennligst vent..