NRK Meny
Normal

Etter tre år med raude tal, går operaen endeleg i pluss

Fjoråret ordna opp i tre år med underskot for Opera Nordfjord. – I tillegg får vi sett av ein god slant til eigenkapital, strålar operasjef Kari Standal Pavelich.

Kari Standal Pavelich

GLADE: Operasjef Kari Standal Pavelich er godt nøgd med fjorårets resultat. – Det er ei god tryggleik at vi fekk ordna opp underskota for siste tre åra, seier ho.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Operaen på Nordfjordeid gjekk med ein million kroner i overskot i fjor. Det er godt nytt for ein arrangør som siste tre åra har samla seg opp eit underskot på 600 000 kroner.

Det var Fjordenes Tidende som først melde om saka.

– Årsaka er spesielt samarbeid med Den Norske Opera om hovudproduksjonen «Maskeballet», der dei tok veldig mykje av dei tunge utgiftene som vi normalt har på hovudproduksjonen, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Avgrensar

Med 2 596 publikumarar vart hovudproduksjonen dårlegare besøkt enn dei hadde budsjettert med. Godt besøk vart det derimot for Bethoven-turneen i samarbeid med Firda vgs. og familieproduksjonen «Sound of Music».

Maskeballet i Opera Nordfjord

UNDERSKOT: Maskeball-oppsettinga til Opera Nordfjord gjekk med underskot.

Foto: Svein Nesbakk / Pressefoto

Sjølv om samarbeidet med Den Norske Opera slo positivt ut på rekneskapen, er Pavelich klar på at produksjonssamarbeidet blir unnataket heller enn regelen.

– Eigne produksjonar er ein viktig del av verksemda vår. Det gir ein veldig stor eigarskap til operaen og produksjonane våre med lokale frivillige som syr kostyme og snikrar kulissar, seier Pavelich.

Starta med underskot

Operaen kviler ikkje på lauvbæra, men er allereie godt i gang med årets produksjonar. Og den første produksjonen gjekk i underskot.

– Vi hadde tre konsertar her i fylket og tre i Møre og Romsdal. Det vart ein stor kunstnerisk suksess, men ikkje veldig godt frammøte, seier ho.

Til hausten står ressurskrevjande og ambisiøse «Rosenkavaleren» for tur.