Hopp til innhold

No skal Eli Kari synse om Sogn og Fjordane

Fredag morgon debuterer Eli Kari Gjengedal i Fredagspanelet. Det både gler og gruer ho seg til.

Eli-Kari Gjengedal

ARTIG: - Eg gler meg til nye utfordringar, seier Eli Kari Gjengedal.

Foto: TV 2

– Eg gler meg masse. Men eg er litt redd for å seie noko dumt også, seier Gjengedal.

Den tidligare vêrdama på TV2 blir nytt medlem i Fredagspanelet til NRK Sogn og Fjordane. Sjølv om det er 21 år sidan ho sjølv budde i fylket, følgjer ho godt med på kva som rører seg i fylket der ho vaks opp.

Følgjer med i heimfylket

– Eg var kanskje hakket betre til å følgje med før. Då abonnerte eg på Sogn Avis og fekk nyhende dagleg. Men no følgjer eg jo med på nettet, så eg får med meg det meste, seier Gjengedal.

Ho vaks opp på Leikanger i Sogn, men har sterke røter i Nordfjord. Å bli med i Fredagspanelet gler ho seg stort til.

– Det er veldig kjekt å bli spurt, og det er ekstra kjekt å få vere med på NRK Sogn og Fjordane, seier Gjengedal.

Har meiningar om det meste

Ho er ikkje redd for å sleppe opp for ting å seie.

– Eg har alltid meiningar om alt, men det er ikkje alltid eg har like god peiling på alt, seier Gjengedal.

Ho er i ferd med å jobbe ut oppseiingstida si hjå TV2 før ho 1. november går over i ny jobb hjå NRK.

– Då tek eg til i NRK Hordaland der eg skal vere med å utvikle ein TV-serie om vêret. Så det blir framleis mykje vêr på meg, men på ein litt annan måte enn før, seier Gjengedal.