NRK Meny
Normal

Her får elevane oppblåsbare dokker

Oppblåsbare dokker ved namn MiniAnne skal lære elevar i Luster å redde liv. Ein ivrig lege i samarbeid med sponsorar gir no 7.-klassingane kvar sin eigen hjarte- og lungeredningspakke.

Oppblåsbare dokker skal læra elevar i Luster å redda liv.
Ein ivrig lege i samarbeid med sponsorar gir no 7.klassingane kvar sin eigen hjarte-og lungeredningspakke. Og han meiner alle elevar burde fått det same.

SKAL REDDE LIV: Ved hjelp av MiniAnne skal elevane lære korleis dei enkelt kan vere med å redde liv. Mathilde Nilsen Sagabråten fortel at ho har lært mykje i dag. Foto/Redigering: Ole Andre Rekkedal.

– Eg synst det er veldig spennande, og det er veldig viktig at alle kan dette i tilfelle noko skjer, seier 7.-klassingen Mathilde Nilsen Sagabråten.

Ho er ein av dei som i dag fekk delt ut si eiga førstehjelpsdokke.

Tidleg hjarte- og lungeredning når ulukker skjer, meir enn doblar sjansen til å overleve. Dette verkar og dette vil redde liv.

Morten Højlund Larsen, fagutviklar og kommunelege

Det kan vere skilnaden på liv og død. Med ei førstehjelpsdokke til kvar, vil lege Morten Højlund Larsen gjere elevar og lærarar i Luster i stand til hjelpe.

– Sjølve ideen bak er jo å redde liv. I Norge er det 3000 hjartestopp i året. Til samanlikning er det 200 som vert drepne i trafikken. Det er mange hjarter ein kan klare å redde. Det er bra hjarter som er altfor bra til å døy, seier Højlund Larsen som er lege og fagutviklar ved Luster legekontor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hjarte og lungeredning i Luster

MINIANE: Med kvar si dokke øver dei seg på hjarte- og lungeredning.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Handle når det skjer

Ideen fekk han på eit kurs i akuttmedisin. Vel heime fekk han med seg den lokale sparebanken, Røde Kors og LHL. No er 400 pakkar delt ut til elevane.

Den inneheld ei oppblåsbar dokke som det tek eitt minutt å blåse opp. I pakken ligg også ein instruksjonsvideo. På ein halv time skal ein kunne både hjarte- og lungeredning, stabilt sideleie og bruk av hjartestartar.

– Det handlar om å kunne gjere tinga der og då når det skjer, utan å tenkje, men berre bruke henda og gjere det rett, seier Højlund Larsen.

Redda livet til Janne

Kor viktig slik førstehjelp kan vere, fekk vi eit døme på då 18 år gamle Janne Holen vart henta opp frå ein bil i Sognefjorden sist månad. I dag går det bra med jenta.

Då begynte mannskap på ferja umiddelbart med gjenoppliving i lag med ein reisande.

Isak Sørås, maskinist på Fjord1 fortel at ein av dei starta med kompresjon, medan han gav munn-til-munn til ambulansepersonell var kome fram til staden.

Fleire burde gjere det same

Mathilde Nilsen Sagabråten fortel om det ho har lært i dag:

– Først er det kompresjon 30 gonger, så skal du pust til lungene, fortel ho og seier ho ikkje kunne noko av dette frå før av.

I år skal sjuande til niande klasse kursast minst tre gonger i året. I framtida vil alle 7.-klassingar i få førstehjelpspakka. Det burde fleire enn Luster ta seg råd til, meiner legen.

– Eit slikt prosjekt der ein brukar 300 kroner per person, det må vel dei fleste ha råd til. Statistisk sett så veit vi at tidleg hjarte- og lungeredning når ulukker skjer, meir enn doblar sjansen til å overleve. Dette verkar og dette vil redde liv, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Morten Højlund Larsen og Oddstein Haugen

FØRSTEHJELPSDOKKER: Fagutviklar og kommunelege Morten Højlund Larsen saman med banksjef Oddstein Haugen i Luster Sparebank. Banken betaler 320 av 400 førstehjelpsdokker i tillegg til framtidige. Røde Kors og LHL har sponsa med 80 dokker.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Har hatt bruk for kunnskapen

Ordføraren i Luster Ivar Kvalen var også til stades under det praktiske kurset. Sjølv har han kome bort i situasjonar der han har hatt bruk for hjarte- og lungeredning.

Eg har opplevd å trenge dette to gonger. Det eine var ei trafikkulukke, og det andre var ein som seig om under ein joggetur like ved der eg bur. Då er det godt å kunne ha gjort dette før

Ordførar Ivar Kvalen

– Eg har opplevd å trenge det to gonger. Det eine var ei trafikkulukke, og det andre var ein som seig om under ein joggetur like ved der eg bur. Då er det godt å kunne ha gjort dette før, seier han.

Opplæringa dei held på med i Luster no meiner han er heilt unik.

– No lærer vi opp heile ungdomsskulen og kvar sjuande klasse i åra framover, så til slutt vil jo alle som går ut av skulane i Luster kunne hjarte og lungeredning på ein veldig god måte.

– Trur du det vil redde liv?

– Eg håpar at dei ikkje får bruk for det, men statistisk sett så vil før eller sidan ein av oss kome opp i ein situasjon der ein vil få bruk for det. Så eg trur det vil redde liv, seier han.

Ordføraren trur dette godt kunne ha vore eit nasjonalt tiltak.

– Det meiner eg absolutt. Det er ikkje så dyrt heller. Om ein legg det til rette og snakkar med sponsorar så kan alle kommunar klare å få dette til.

Ivar Kvalen Hjarte- og lungeredning

REDDAR LIV: Ordførar Ivar Kvalen håpar at elevane ikkje får bruk for det dei lærer, men dersom dei kjem i ein situasjon der det trengst vil dei vere med å redde liv.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser