Hopp til innhold

«Eg var jo død» – Janne er ubeskriveleg glad for at redningsmennene ikkje gav opp håpet

Janne Holen (18) hugsar ingenting frå ulykka. Ho tykkjer det er ubeskriveleg at nokon ho ikkje kjenner risikerte livet sitt for å redde ho.

Lisbet Underdal Holen og Janne Holen

TAKKSAME: Dei har begge to hatt tøffe døgn sidan ulykka. Janne (18) svevde mellom liv og død. Mamma Lisbet frykta det verste.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg er i grunn ganske sliten og eg føler at beina ikkje vil bere meg. Janne Holen ligg i sjukehussenga på Førde sentralsjukehus. For få timar sidan vart ho frakta hit i ambulanse frå Haukeland universitetssjukehus der ho har vore sidan natt til laurdag. Ho har fått lungebetennelse og er veldig sliten.

Fredag 14. mars sat ho i bilen som hamna på fjorden ved ferjekaia på Hella i Leikanger kommune. I bilen sat også to gutar. Bestekompisane til Janne. Dei kjem seg raskt ut av bilen og opp av det iskalde vatnet. Men Janne ligg framleis att, tre og ein halv meter under overflata.

Kaien

LIVLAUS: Janne var livlaus då ho vart henta opp frå fjorden.

Foto: Christian Blom / NRK

– Eg hugsar visst ingenting, men det verkar som det går bra med meg no, seier ho. Dei siste dagane har vore veldig merkelege, forklarar ho. Dei har vore lange og tunge. Eg merkar kjenslene fort tek overhand når eg ser på meldingar eg har fått gjennom Facebook.

Har gløymt alt

Hella

BIL PÅ FJORDEN: Ved ferjekaia på Hella var det at ulykka skjedde.

18-åringen trudde lenge at ho hugsa noko frå fredagen.

– Men ut ifrå det eg fortel, er det ifrå minst ei eller to veker sidan. Så i alle fall den siste veka er vekke frå minnet mitt. Uheldigvis.

For medan dei rundt ho seier ho skal vere glad for at ho ikkje hugsar noko for hendinga, ønskjer Janne å vite kva som skjedde. Det å ikkje hugse og gløyme ting ho har gjort og sagt dei siste dagane, tykkjer ho er frustrerande.

– Eg tykkjer det er ilt at dei som var med, som står meg såpass nær skal hugse meg frå den kvelden, utan at eg gjer det sjølv. Det er ganske tungt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Janne Holen

GLØYMT ALT: Janne hugsar ingenting frå dei siste vekene.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Dei gav aldri opp

Bambsane til Janne Holen

GÅVER: Janne har fått mykje bamsar og blomar frå vener og kjente etter at ho hamne på sjukehus.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK
Janne Holen bamse
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Janne og familien er uendeleg takksame ovanfor redningsmennene til Janne. Mora Lisbet Underdal Holen takkar spesielt Gaute Stadheim som våga å dukke ned til dottera.

– All ære til redningsmennene. Det er heilt fantastisk. Så tilfeldig. Det er ikkje kven som helst som hadde kome på ein ulykkesstad som hadde våga å dukka så langt ned. At han då var på den plassen og var så tøff. Heilt fantastisk. Den jobben han gjorde og alle dei andre som var med å bidrog. Alle er like viktige.

Og det er ein ting Lisbet verkeleg vil trekkje fram.

– At dei ikkje gav opp. Det viser at ein må halde på håpet. Ein må ikkje gi opp. Så lenge det er liv er det håp seier ein, men her var det ikkje liv ein gong. Likevel mista dei ikkje håpet. Dei gav seg ikkje før sjukebilen kom. Det redda livet hennar, seier Lisbet.

– Hadde dei mista håpet og slutta med behandlinga dei gav ho, så hadde Janne vore død. Vi kan ikkje få takka dei nok.

– Eg har ikkje peiling på kven han karen er, men eg har veldig stor respekt for han. Det er ei ubeskriveleg kjensle at ein person som ikkje kjenner meg, setter sitt liv i fare for å redde mitt. Det er nett som ha ein eigen helt, fortel Janne.

(Saka held fram under TV-SAKA)

Created by InfoDispatcher

SJÅ TV-SAK

Eit mareritt

– Det starta som eit mareritt på fredagen, fortel mor til Janne, Lisbet Underdal Holen.

Janne var ikkje venta heim til noko spesielt tidspunkt. Foreldra visste at ho hadde vore og sett på ei leilegheit i Sogndal, så kva ferje ho skulle ta hadde dei ikkje avtalt. Difor var dei ikkje blitt engstelege, men venta på telefonen som Janne pleidde å ta når ho var komen på ferja.

Utfor

TENKTE PÅ JANNE: Mora høyrde om ulykka på Vestlandsrevyen.

Foto: Christian Blom / NRK

Lisbet sat og såg på Vestlandsrevyen ein og ein halv time etter ulykka hadde skjedd. Der ser ho at ein bil har hamna på sjøen og at tre ungdomar hadde kome seg ut.

– Då tenkte eg sjølvsagt med ein gong på Janne og at det kunne vere den bilen ho sat i.

Ho prøvde med ein gong å ringje Janne, utan å få kontakt. Då ante ho at noko var gale og sprang ut til mannen og sa at ho var engsteleg. Far til Janne står då allereie og snakkar med politiet. Han har høyrt om ulykka på radio og fekk same mistanke som Lisbet.

– Han fekk bekrefta at det var den bilen Janne sat i som hadde køyrt på sjøen. Vi fekk og bekrefta at gutane var uskadde, men at Janne var alvorleg skadd. Det var eit forferdeleg sjokk. Ein tenkjer jo det verste, at no mistar vi jenta vår, fortel Lisbet.

Ein forferdeleg tur til Førde

Etter at dei fekk beskjeden vart Lisbet heilt skjelven. Lokalpolitiet kom heim til dei og kunne fortelje at Janne vart frakta til Førde med luftambulanse. På grunn av det dårlege vêret kunne ho ikkje fraktast til Haukeland.

Men det var ikkje enkelt for foreldra å kome seg til Førde frå Vik. På grunn av ulykka var ferjene på ferjesambandet innstilt ei god stund. Før dei reiste heimanfrå fekk dei beskjed frå politiet at det stod i journalen til dottera at ho var vaken.

Eg berre bad om at vi fekk lov til å sjå at ho opna auga og høyre ho seie mamma og pappa. Det var det einaste eg tenkte på. At eg måtte få oppleve det ein gong til.

Lisbet Underdal Holen

– Det vart vi veldig glad for å høyre, fordi då tenkte vi at då var det håp, men på ferja snakka eg med legen på sjukehuset som kunne fortelje at dette ikkje stemte, fortel Lisbet.

For Janne hadde ikkje vore vaken i det heile. Foreldra fekk høyre at dei lenge hadde drive hjarte- og lungebehandling for å få liv i ho.

– Ho var livlaus då ho kom på land, og det hadde teke ein halv time før at ho begynte å puste sjølv. Då sank eg heilt i hop og tenkte det var lite håp. Så det var rett og slett ein forferdeleg tur til Førde.

Tøft å sjå Janne liggje livlaus

Dei fekk sjå dottera så fort dei kom til Førde. Det som møtte dei var enormt med leidningar og slangar.

– Det var vi førebudde på. Det var likevel ganske tøft, men samstundes godt å kome fram til ho, få ta i ho og få snakke til ho. Det var ganske sterkt, fortel Lisbet med tårer i auga.

Janne tykkjer det er sterkt å høyre mora fortelje om korleis dei opplevde det. Ho veit at mora har fortalt ho det mange gongar, men tykkjer det er like tøft kvar gong.

– Eg har lyst til å hugse, men eg vil ikkje at mamma skal hugse, seier ho.

Helga som venta familien skulle eigentleg vere ei kjekk helg med feiring av bursdagen til mamma Lisbet og dei gledde seg til at Janne og ein son i Bergen skulle kome heim.

– Men plutseleg blei alt snudd på hovudet. Vi var plutseleg i Førde og der låg Janne livlaus framfor oss. Det går ikkje an å forklare. Det kjendest ut som eit mareritt. Eg måtte klype med i armen fleire gongar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Janne Holen

MYKJE I MEDIA: Ulykka har vore mykje i media og det er gjennom media Janne har forstått alvoret.

Foto: privat

– Vi sa vi var glad i ho

Klokka 01.20 natt til laurdag vart Janne frakta til Haukeland med luftambulanse. Og foreldra reiste straks mot Bergen når ferjene begynte å gå om morgonen.

– Det var ei forferdeleg natt. Turen frå Førde til Bergen var utruleg tung. Det var umogleg å sove, alt var kaos og eg tenkte det aller verste. Eg berre bad om at vi fekk lov til å sjå at ho opna auga og høyre ho seie mamma og pappa. Det var det einaste eg tenkte på. At eg fekk oppleve det ein gong til.

Janne kunne vere alt frå død til hjernedød til heilt frisk. Dottera låg på intensivavdelinga i respirator og dei fekk beskjed om at det ikkje var oppdaga noko skade, men ho såg framleis livlaus og kald ut.

– Det var godt å vere nær ho å få klappe på ho. Vi snakka og sa vi var glad i ho, at ho måtte vakne og kome til oss att. Vi håpte at ho følte at vi var der, men det ante vi ikkje. For det var ingen reaksjon.

Etter kvart opne Janne halvvegs auga. Lisbet lente seg fram og spurde: «Ser du at det er mammen?»

– Og då fekk eg eit veldig lite, forsiktig nikk og eg var med eitt utruleg letta. Det var kjempesterkt.

Var død i fleire minutt

Janne kan hugse at ho spurde eine sjukepleiaren i om det faktisk så var at ho hadde vore vekke.

– Då fekk eg beskjed om at eg eigentleg var død i fleire minutt. Det høyrest heilt sjukt ut og litt som ei ut-av-kroppen-oppleving.

Gjennom å ha lese i media om kva som faktisk har skjedd med ho, har gjort til at Janne har forstått kva ho har vore igjennom.

På veg til frå Bergen til Førde tysdag ettermiddag hadde Janne ei rar oppleving då dei kom på ferjekaia på Oppedal.

– Eg spurde mamma kor vi var. Ho sa vi snart var på ferjekaia, og då fekk eg heilt noia. Eg fekk panikk. Og eg merka at eg ville ut og vekk. Så det var nok ein reaksjon på det ordet i og med at det har blitt brukt så mykje dei siste dagane, fortel ho.

– Eit under at vi har Janne i dag

Til dagleg går ho på vidaregåande i Sogndal og studerer Service og samferdsle. No håpar Janne at ho vil komme seg fort att, men uroar seg litt over tapte skulebøker og datamaskiner. Ny mobil har ho alt fått.

– Eg fekk ei påminning på telefonen min om at eg har matteprøve denne veka, så utan at eg kan hugse det må eg vel ha teke med meg mattebøkene heim, men det er vel vekke.

Den unge jenta frå Vik blir heilt rørt over alle meldingane ho har fått den siste tida. Også mora Lisbet takkar for all støtte.

– Det er eit stort under at Janne har klart seg så bra. Det er ufatteleg at vi har ho i dag. Det er takka vere dei fantastiske redningsfolka og innsatsen dei gjorde. Både dei ufaglærte og dei som var i ambulanse og på sjukehusa. Vi er utruleg takksame for all hjelp og støtte

Ved kaien

EIT UNDER: Familien takkar alle som var med å bidrog då Janne vart redda frå det iskalde vatnet på Hella.

Foto: Christian Blom / NRK