Hopp til innhold

Karl Arthur vart redda av kona

Då Karl Arthur Bakke fekk hjartestans var det kona Ruth som redda han.

Video nsps_upload_2010_1_27_19_16_13_597.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

I september i fjor fekk Karl Arthur Bakke hjartestans. Han var heime i stova på Værlandet saman med kona Ruth Bakke.

Byrja med førstehjelp

Ruth kan førstehjelp, og visste nøyaktig kva ho skulle gjere for å hjelpe mannen sin.

Ho tok telefonen, ringte AMK og byrja livreddande førstehjelp.

Karl Arthur og Ruth Bakke

Karl Arthur og Ruth Bakke ser i boka som Haukeland sjukehus laga til dei då han låg på sjukehuset etter hjartestansen i september i fjor. Kunnskapen Ruth har om førstehjelp redda livet til mannen hennar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Hjartestartar på øya

- Det er veldig skremmande, seier Ruth når ho blar i bileta frå då mannen var sjuk

På øya har dei også ein hjartestartar som fleire er trena i å bruke.

Dermed kunne Ruth, og dei andre som kom til for å hjelpe, gje Karl Arthur den rette hjelpa som førte til at han overlevde.

- Ho redda han

Rune Larsen

Lege Rune Larsen er overbevist om at det var innsatsen til Ruth Bakke og dei andre som kom til for å hjelpe som redda livet til Karl Arthur Bakke.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

For lege på luftambulansen Rune Larsen er ikkje i tvil om at det var det som redda Karl Arthur.

- Er ein så uheldig å få eit hjarteinfarkt er ein heilt avhengig av dei som er saman med ein når ein får det, seier Larsen.

Han var på vakt på luftambulansen denne dagen i september, og flaug til Haukeland sjukehus med Karl Arthur som passasjer.

Livsviktig kunnskap

Hjartestartar

Hjartestartaren som var med å redde livet til Karl Arthur Bakke.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Larsen meiner at deira innsats ikkje hadde vore noko verdt om kona ikkje kunne førstehjelp.

- Vi kan komme med alle ressursar og bruke millonar av kroner. Men det nyttar ikkje om den som er i nærleiken til den som har stans ikkje kan førstehjelp. For det er dei fem første minutta etter ein stans som tel, seier han.

5000 personar får uventa hjartestans i løpet av eit år. Berre sju prosent overlever stansen.

- Eg trur det er mogleg å dobble dette talet, seier Larsen.

Tida som avgjer

Men då må folk kunne førstehjelp.

I tillegg til Ruth sin innsats, fekk Karl Arthur hjelp av den lokale, frivillege hjartestartargruppa på øya.

- Det er tida som tel, seier Helge Landøy som er ein av dei frivillege i gruppa.
Han gav Karl Arthur tre støt med hjartestartaren før luftambulansen var på plass.

Takksam for at han lever

Værlandet

Værlandet lig langt frå sjukehus, og det er livsviktig at øya har ein eigen hjartestartar og ei gruppe frivillege som kan bruke maskina når noko skjer.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Eg er veldig glad for at eg kunne førstehjelp. Tenk å å stå å sjå på at han døde då. Det er verre enn noko, seier Ruth i dag.

Karl Arthur har kome seg etter stansen, og er takksam for at han er i live.

- Eg må jo takke kona for at eg lever, seier han.