Verdas beste ekspertar skal vurdere ustabilt fjell i Aurland

Mellom verdas fremste ekspertar på skredfare og skredsikring kjem til Aurland for å vurdere det ustabile fjellpartiet «Stampa».

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.

I RØRSLE: Ekspertar kjem no til Aurland for å vurdere rasfaren ved «Stampa» i Aurland.

Foto: Aurland kommune.

Saman med norske geologar skal ekspertar frå Italia og Canada på synfaring i fjellpartiet som i verste fall kan rase i fjorden og skape ei opp mot 80 meter høg flodbølgje.

Lars Harald Blikra

SJEFSGEOLOG: Lars Harald Blikra.

Foto: Terje Reite / NRK

Sjefsgeolog Lars Harald Blikra ved Åknes/Tafjord Beredskap seier det er avgjerande at geologane kjem seg ut i området.

– Ein kan skrive mykje i rapportar men for geologar er det ganske avgjerande å få sjå kor området ser ut, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video nsps_upload_2008_11_11_11_23_41_682.jpg

SJÅ TV-SAK: I Aurland fryktar ein tsunami dersom den kring 100 millionar kubikkmeter store fjellpartiet «Stampa» sig ut i fjorden.

– Massane er i rørsle

Bjørn Falck Russenes

SER TEIKN: Bjørn Falck Russenes.

Foto: NRK

Frykta er at ei enrom flodbølgje vil feie innover mot Flåm dersom heile «Stampa»-massivet losnar og rasar i fjorden. Ulike fagfolk har laga ei rekkje rapportar med sprikande tilrådingar om kva som bør gjerast med fjellpartiet på kring 100 millionar kubikkmeter.

Tidlegare fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes slo i fjor haust fast at fjellpartiet er i rørsle, og at forvarselet om eit mogleg kjemperas er der.

– For det første ser vi det er rørsle i terrenget i form av senkingar, så har det i lengre tid vore rørsle i nedre del av Stampa, sa han.

Uroa ordførar

Det er føreslege å drenere vekk store vassmengder for å unngå at fjellmassivet skal skli ut i fjorden. Eit tiltak kalkulert til kring 300 millionar kroner.

Ordførar i Aurland, Noralv Distad.

UROA: Noralv Distad, ordførar i Aurland.

Foto: Bård Siem / NRK

Også ordførar i Aurland, Noralv Distad, er uroa over teikn på at fjellpartiet er i rørsle. Samstundes viste han i fjor haust til at fagfolk tidlegare har sagt at det ikkje er noko akutt fare.

– Det må ein halde seg til, sa han.

Kjem til avgjerd

No blir altså mellom verdas fremste ekspertar på skredfare og skredsikring henta til Aurland.

I løpet av eit halvt års tid skal dei vere med i avgjerda om ein skal setje i verk fjellovervakingsprosjekt eller ikkje.

– Vi reknar med å kunne utarbeide det endelege underlagsdokumentet i oktober, og få sende det til Aurland kommune, seier direktør Anne Britt Leifseth i NVE.

Godt kjende

Sjefsgeolog Blikra fekk tidlegare i år i oppdrag å leie Norges vassdrags- og energidirektorat sitt arbeid med å samordne og oppsummere alle undersøkingane som er gjort av fjellet.

Han fortel at ekspertane frå Italia og Canada er godt kjende med både overvaking og skredfare, og ikkje minst den fylittiske og lause bergarten som i Aurland har store sprekkjer.

– Den eine professor ved eit universitet i Italia som har jobba mykje med akkurat den type bergartar som vi har i «Stampa» i Flåm. Så han har stor erfaringi med den type geologi. Vi har også ein annan person frå Italia som har leia eit stort overvakingssenter og er vand med overvaking, seier Blikra.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.