Hopp til innhold

Kan hindre flodbølgje

Drenering til 300 millionar kroner kan redusere faren for flodbølgjer i Sognefjorden.

Aurlandsfjorden
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Det er klart at dersom det rasar ut i fjorden er flodbølgjer einaste konsekvens. Og ikkje berre i Aurland. Ho vil nok bevege seg i fjordsystemet i Sognefjorden. Tidlegare utrekningar viser at det er enorme skader det er snakk om, seier prosjektleiar Bjørn Sture Rosenvold i Aurland kommune.

- Kan stader så langt vekke som Sogndal og Leikanger også bli skadde?

- Eg vil tru at ei flodbølgje vil bevege seg i den retning, ja.

200 mill kubikkmeter

Det er på austsida av Aurlandsfjorden dei enorme fjellmassane er i rørsle. Med sine 200 millionar kubikkmeter er dette det største kjende ustabile fjellpartiet i landet. Nedbør over lang tid, og framfor alt snøsmelting, fører til fleire og djupare sprekker i fjellpartiet. Og i ein rapport som blir offentleggjort i dag blir det føreslått å drenere vekk store vassmengder for å unngå at fjellmassivet skal skli ut i fjorden. Det vil ha ein kostnad på 300 millionar kroner.

Sig heile tida

- Området rører seg både vertikalt og horisontalt ut mot Aurlandsfjorden. Vi veit også at det er ein samanheng mellom nedbør og snøsmelting og desse rørslene. Det vi har kome fram til er at det ligg ei muligheit for å redusere bevegelsane ved å drenere vekk vatnet. Helst då over i eit magasin slik at ein kan bruke det til å produsere energi, seier Rosenvold.

Dersom ikkje vatnet blir drenert vekk, vil fjellmassivet før eller sidan rase ut i fjorden. Men kva tid det vil skje er uråd å fastslå, fortel Rosenvold.

- Det sig stadig vekk, og det er grenser for kor lang det kna sige utover. Men noko tidsfaktor har vi ikkje sett på det, seier Rosenvold.