Slik vart ordførarens stolte «barteaugenblink»

Med dagens parade vel unnagjort, er årets Oktoberfest i Stryn meir enn godt i gang.

Ordførar Sven Flo gjekk først då Oktoberfestivalen i Stryn starta med parade gjennom gatene.

SJÅ VIDEO: Paraden under helgas Oktoberfest i Stryn. (Foto:Arne Vik)

Og for ordførar Sven Flo vart det eit stolt «barteaugenblink» å gå heilt fremst i prosesjonen.

– Det var faktisk det, ettersom eg har spart intensivt i tre veker på denne barten. Det var ein veldig bra setting med høg stemning, song, musikk, mykje finstas og folk i gatene som både vinka, applauderte og tok bilete, ler ordføraren.

Søndag forsvinn barten

I fjor selde dei ikkje mindre enn 2.700 billettar under arrangementet som samlar Tyrolarhattar, «ompa-ompa»-musikk, halvmeterlange pølser, lærshorts, bondepiker og ikkje minst bartar.

I år stiller altså til og med ordførar Sven Flo med bart.

– Men eg kan ikkje garantere at den er på måndag. Eg skal ha den på til det blir sett sluttstrek på festen. Den forsvinn nok ut på søndagen, ler Flo.

– Stussleg og pistrete bart

Etter å ha sett sine mange konkurrentar under paraden laurdag, har ikkje ordføraren stor tru på at det blir noko gjev pris for barten hans etter middagen laurdag.

Då blir det kåringar mynta på både kvinner og menn.

– Nei, det var så utruleg mange staselege bartar. Mykje kreative løysingar som langt overgår min vesle stusslege bart. Folk har spara i mange månader og då blir min tre veker gamle bart alt for pistrete, ler Flo.

Femte året

Det er femte året at Stryn Ping Pong Club arrangerer Oktoberfesten, og arrangementet har blitt større og større med åra.

Det er ein aldri så lite imponert ordførar som i dag leia paraden gjennom gatene i Stryn.

– Når du ser kva tid og krefter arrangørane brukar på dette, fritid, kveldar og dag og natt, så er dette berre heilt fantastisk. Dei får til ein fin festival og folk kjem langveges for å vere med. Det set Stryn på kartet, avsluttar Flo.