GOD STEMNING: Den gode stemninga under paraden på dagtid, såg ut til å vare godt ut i dei små nattetimane.
ANTREKK: Både framfor og bak bardisken hadde folk heilt rett antrekk.
GLEDE: Mykje smil og god stemning blant dei mange festdeltakarane.
NOMINERTE: Ina-Marie Ulvedal vart kåra til Årets Oktoberpike i fjor. Dermed fekk ho det ærefulle oppdraget å plukke ut dei nominerte til Årets beste bart.
DEI NOMINERTE ER: Samtlege av dei nominerte til prisen Årets Beste Bart måtte på scena.
NOMINERTE: Som fjorårets vinnar av Årets Beste Bart, skulle Torstein Tvinnereim finne dei nominerte til Årets Oktoberpike.
DEI NOMINERTE ER: Samtlege av dei nominerte til Årets Oktoberpike måtte på scena.
VINNARAR: Line Bø og Henrik Wemby vart kåra til høvesvis Årets Oktoberpike og Årets Beste Bart.
BART: Dei mange bartane har fått mykje fokus framfor årets fest.
MEISTER: Husbandets kapellmeister Svidal trakterer trekkspelet.
TETTPAKKA: God stemning i festivalteltet laurdag kveld og natt til søndag.
SPELTE: Stryn Musikklag spelete under Oktoberfestivalen.
BESTE I KLUBBEN: Olav Flataker (t.h.) fekk pris for den beste barten av medlemane i Stryn Ping Pong Club. Han blir gratulert av Konsulen Kåre Tonning.
BAND: NTNU sitt studentband Berseblæsten spelte opp.
MUSIKK: Festen hadde sitt eige husband.
KLEDDE: Tyrolarhattar, «ompa-ompa»-musikk, lærshorts, bondepiker og ikkje minst bartar prega sentrumsbilete i Stryn laurdag.
PARADER: Ordførar Sven Flo (i midten) skjønte raskt at hans tre veker gamle bart ikkje ville nå opp under laurdagkveldens store bartekåring.
STASELEG: Under paraden kunne dei frammøtte sjå den eine barten meir staseleg enn den andre.
GOD STEMNING: Ordførar Sven Flo gjekk fremst under paraden og skildra både godt humør og god stemning under paraden.
GOD STEMNING: Det er femte året på rad at Stryn Ping Pong Club arrangerer Oktoberfesten.
MUSIKK: Ingen parade utan musikalske innslag.