Hopp til innhold

Eit Facebook-innlegg gav grobotn til Hege sin adventskalender

Adventskalenderen til Hege Lothe inneheld ikkje sjokoladebitar eller småpakkar, men namn og rosande ord.

Hege Lothe

ADVENTSKALENDER: Tobarnsmora Hege Lothe frå Sandane brenn for kvikke kvinner, levande distrikt og nynorsk. I sin eigen adventskalender hyllar ho kvinner frå Sogn og Fjordane.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Kvar dag fram til julaftan presenterer Lothe ei kvinne frå fylket på Facebook-sida si.

Tobarnsmora frå Gloppen sit i kommunestyret for SV, har vore aktiv i Nei til EU og er no konstituert dagleg leiar i Noregs Mållag.

– Det er viktig å seie til folk at ein tykkjer noko er bra, seier SV-politikaren frå Gloppen.

Setje pris på folk

Og det var på Facebook tobarnsmora fekk ideen for nokre år sidan. Ei oppmoding om å bruke adventstida til å seie positive ting om andre fekk henne til å tenkje.

– Eg tenkte eg ikkje er flink nok til å setje pris på folk, og bestemte meg på rappen om å skrive om kvinner i Gloppen, seier Lothe. Som sagt så gjort. Og i år bestemte ho seg for å ta kalenderen eitt steg lengre.

– Korleis vel du kvinnene du skriv om?

– Det er veldig vilkårleg. Det kan vere at nokon spør meg om å skrive om nokon, men så har eg også ei liste med namn på folk som eg veit eg vil skrive om.

Positive tilbakemeldingar

Hege Lothe har ein uvanleg adventskalender.
Foto: Skjermdump

I løpet av adventstida har Lothe mellom anna skrive om Heidi Grande Røys, Heidi Aabrekk, Siri Ingvaldsen og Ingrid Andersen Heieren. I dag, 11. desember, er det førsteamanuensis Eli Bjørhusdal som skjuler seg bak luka.

Lothe vedgår at det går mykje tid på å vege ord og informasjon. Tilbakemeldingane er positive.

– I starten var det nokre som streka litt på at det berre skulle vere kvinner, men det har stilna. Så då er det kanskje greitt at kvinner får denne merksemda, seier ho og legg til:

Menn får merksemd

Hege Lothe har ein uvanleg adventskalender.
Foto: Skjermdump

– Eg trur det oftast er lettare å gje merksemd til menn. Ofte får dei vel mykje merksemd, så då tenkte eg at mitt prosjekt kunne vere å løfte fram kvinner.

Det er likevel usikkert om kalenderen blir vidareutvikla til neste år.

– Det er utruleg kjekt, men i helga tenkte eg at det kanskje var siste året med denne adventskalenderen. Eg er ikkje heilt sikker enno, avsluttar Lothe.